torsdag 31. desember 2009

Når året ebbar ut...

og vi er klare for nyttårsfest, er det lett å tenke litt øve året som har gått. Kva har skjedd dette året egentli? Jo, eg begynte iallefall å blogge 1. juledag i 2008, men kom ikkje skikkeli igang før i 2009. Då starta det som ein bryllaupsblogg, for å halde vener og familie oppdatert om kva som skjedde i planlegginga av bryllaupet! Og i tida fram til juni skjedde mykje. Eg fekk heldigvis god hjelp både til planlegginga og til blogging, og eg vart bitt av "blogge-bassillen". Så etterkvart vart eg meir og meir oppteken av interiør og anna. Og då vi til bryllaupet fekk nytt kamera, vart det og lettare å både ta bilder, og legge inn på bloggen.

For den 20. juni vart eg endeleg gift! Og det med mannen i mitt liv. Den lukkelegaste dagen i mitt liv!

Og i august byrja eg å jobbe igjen, etter 1,5 år i permisjon med prinsesso mi! Og då starta dei travle dagane, med nordsjøarbeidande mann og to små i barnehage...men det har no gått på eit vis. Men den der samvittigheten, kem fant egentli opp den?? Dårleg samvittighet for ungane når eg må levera dei kl 7.30 og hente kl 16...og at vi alle er slitne når kvelden kjem. Og for tanken på jobben, når eg må vere heime i ei veke med sjuke barn, og eg veit at det er mennesker eg jobbar med...men sånn er det bare.

Og når eg no nett før jul fekk ei mann på krykker i heimen, måtte eg bare la førjulstresset bare ligga, og ta det som det kom. Og når eg ikkje får til å dra ei på akebrett, når ein vil stå på ski, og den eine etterkvart vil inn, og den andre vil ake meir....og eg bare har to hender og ikkje er blekksprut (som hadde vore veldi praktisk av og til!) så må eg bare tenka at "alle ska få..." ein gong...

Så må eg bare nyta synet av prinsen min, klar for rakettoppskyting ( eller rakettspruting som det er no for tida...)
og gleden hans for dei små ting, som eit stjerneskudd.
Prinsesso syns da vart litt "skumle", og gjekk inn.

Men no når året ebbar ut, vil eg takka dåke alle for at de føl bloggen min. Da set eg veldi pris på. Så legg eg til eit lite bilde av meg som fotograf-prinsen tok no i kveld!

GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!


torsdag 24. desember 2009

Endeleg julafta

Med bilder av familien som pynta julatreet i går kveld (far sat i sofaen med knekt fot på ei puta og tok bilde!) så vil eg ynskja alle lesarane mine ei GOD JUL!!

tirsdag 22. desember 2009

Og så no då...

I dag fekk eg denne nydelege oppsatsen frå min kjære mann! Og heldige meg som har ei veninne som er blomedekoratør som veit kva eg likar!!

Men da som e mindre kjekt er at mannen har knekt foten, og i dette øyeblikk e nyoperert på Stord. Operasjonen var vellykka, men vi veit ikkje om han kjem heim til jul. Eg e difor litt lei meg no. Og han har sendt meg blomar for å vise at han er lei seg. Dette då han hadde vore heime i eit døgn då uhellet skjedde....og då hadde han vore på jobb i nesten 3,5 veke...så da blei litt mykje på ho mor!!
Men for ungane si skuld, så ska da ikkje mangla noko til jul. Så no er treet på plass ( takket være storebror, Terje!) , og eg ska vaska og ordna i måro, sånn at da blir jul hos oss og!

Savne deg, Terje. Håpe du snart kjem heim til oss.

lørdag 19. desember 2009

Kvit jul???

Sånn ser da ut utanforbi nett no....kjeme da te å halda heilt fram til jul???

Og så kom tallerkenhylla mi opp til helga og. Mannen kom frå nordsjøen i går, og da fyrsta han gjorde ( itte å ha lagt ungane) va å montere den.... avtalen var at eg skulle ha kalde øl i kjøleskapet, og han skulle henge opp hylla! Greitt det. Hylla fyrst, øl etterpå!

fredag 18. desember 2009

Jippi eg har vunne!

Eg har vunne denne premien hos Martes atelier! Eg e så gla. For eg har vunne og for at da e fredag, mannen kjeme heim, da e minus 8 grader ute og da e meldt snø, og så e da bare 6 dagar til jul!! kan det bli betre??

mandag 14. desember 2009

Japp-ruter

Med to gode hjelparar sette vi i gong for å baka japp-ruter! Hjelparane ville bare smake smake og smake, men da blei no litt igjen...

Så no jenter, kan dåke bare gleda dåke te onsdag, og førjulskosen her hos meg! Eg glede meg veldi, for i fjor vart det avlyst på grunn av sjukdom. Men i år sit eg klar med gløgg, julakjeks og japp-ruter!! Og gler meg te å skravla masse!
Og sidan eg er så grei, så deler eg oppskrifta med lesarane!
2 store japp
100 gram margarin
puffa ris
2 store Melkesjokolade

Smelt japp og margarin. Bland inn passeli med puffaris. La dette stivne litt. Smelt melkesjokoladen og smør den utover. Set det i kjøleskapet til det har stivna. Så kan du dele opp i passelige ruter. Nyt!!

lørdag 12. desember 2009

Blogganbefaling

I dag kom eg over ein flott blogg som du kan lese meir om her . Mykje godt her, så stikk innom og sjå du og!

I dag e da kaldt og fint ute. Rim på bakken e vel da nærmaste vi kjeme snø på ei stund???

Denne dagen byrja før kl 6, så no kl 9 e da langt på dag! Prinsen skal i bursdag idag, og etterpå skal vi tre til vår kjære Anita og ete pizza og godteri! Nam nam. Vi gler oss, Anita!

torsdag 10. desember 2009

Og vinnaren er...

Vinnaren av førjulskonkurransen min er: LAILA

Min gode kollega vil sjå premien stå på kontorpulten sin når ho kjem på jobb på mandag. GRATULERE!

tirsdag 8. desember 2009

Oppskrift!

Anita lurte på om eg delte ut oppskrifta på brune pinnar, og det gjer eg sjølvsagt. Ingen hemmelighetar vi ikkje kan dele her! Mamma hadde ei oppskrift ein gong der dei heitte Berit`s brune pinnar:

200 gram smør
200 gram sukker
1 eggeplomme
1ss lys sirup
0,5 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gram kveitemjøl

eggekvite, perlesukker og hakka mandlar

Rør smør og sukker godt. Bland i resten. Elt deigen og del i 6 deler. Trill pølser, og trykk dei litt flate på bakepapiret. Pensle med eggekvite, dryss på perlesukker og hakka mandlar. Steik kakene på 175 grader, midt i ovnen, va 10 min.

Mens dei endo e varme, del dei i stenger, gjerne på skrå. Avkjøl på rist!

Lykke te og nam nam

mandag 7. desember 2009

Sju sortar til jul?

Nei, 7 sortar blir da ikkje. men eg e gla i julakaker, og baker dei eg likar best. Så sidan eg måtte vere heime med prinsen idag og....så baka eg lika godt brune pinnar! (da står ein full boks og ventar på deg, Hilde!!)
Og prinsen fylte 5 år igår. Så no har han fått påfyll med Lego. Han e blitt veldig flink å bygga sjølv, men likar best at eg sit saman med han, sånn for sikkerhet skuld.. slektar visst på mammo han der...

fredag 4. desember 2009

Oss to...

"oss to" og "publikum" heitter desse to favorittbildene mine av Gunilla Holm! Oss to fekk eg til 29 års dagen min av mamma og pappa. Eg visste då at ho kjøpte to bilder, og har etterlyst det...har vel sagt med STORE ord at eg ynskjer meg det og... Så kom mamma med "publikum" bildet som ho hadde fått tak i til meg. Va visst nåken andre som skulle få da andra ho hadde.

Og idag var det ferdig innramma, og er komt på veggen. Eg e nøgd!! Og at julapresangen e komt på forskudd i år, gjere ingenting!! Eg ska tåla ein pakke mindre under treet!
Eit lite stemningsbilde frå heimen i kveld. Eg skulle vore på julabord...men barnevakten var nok smitta av prinsen, for ho måtte gå heim. Så då blir da heimakveld i dag og!! Ha ein fin fredag dåke og!

torsdag 3. desember 2009

Hjerter

Detta hjerta var ein av dei tinga eg kjøpte på "jul i Rosendal" sist helg. Eit utruleg koseleg arrangement, som eg håpar blir tradisjon! All ære til arrangørane!

Eg har fått veldi sansen for hjerter for tida, så det kjem nok fleire hjerte-innlegg fram mot jul!

No skal eg inn og pleia prinsen min, som har spydd i dag....

onsdag 2. desember 2009

Dorull nisse

Eit obligatorisk innslag i denne førjulstida... Detta e ein "neandertalar" nisse (min 5 åring ser på "det var en gang et menneske..."), for dei gjekk nemli utan kle, med bare eit lite skinn over edlare delar, eller noko sånt! Og dei var skitne i ansiktet. Så difor er denne nissen slik. Og mor er stolt uansett kva!! (det var dette prinsen produserte, og så ville han leike med lego....han er ikkje av den kreative-sitte-i-ro-og-putle-på-med-ting-typen...)

Vi har vore på ei veldig koseleg juleverkstad hos mi gode veninne, Reidunn med familie i dag. Eg må berømme ho for at ho finne på sånne kjekke ting for heile familien. Fyrst åt vi pølse i brød, sånn at middagen var redda. Så var da medbrakte julakjeks, mandariner, og nisse og englelaging ved langbordet hennar. Tusen takk for ein veldig fin ettermiddag, alle mine gode veninner!!

søndag 29. november 2009

1. søndag i advent

Så var fyrste søndag i advent her. Og ei fin tid er framfor oss. i kveld har vi tent fyrste lyset i adventstaken min ( ny av året, kjøpt hos Boligfryd!! Tala ikkje heilt beine, men ka gjer vel det??) Bordet er nettopp rydda etter at vi har feira mannen sin bursdag! Har hatt familiebesøk, og ete nydeleg oreokaka, etter 4små si oppskrift! Takk for den!!

I går var vi på klubb hos Hilde og laga dørkransar og drakk vin...ein veldi kjekk tradisjon vi har med å laga dørkransar! Takk til Hilde og Reidunn for at vi klarte å halda på den i år og!

No er mannen reist på jobb i 14 dagar. Innstilt på da, så går da bra. Han kjeme heim i god tid før jul, og da e eg gla for.

No e da ei travel veka framfor oss, som blir avslutta med ein heidundrande 5 års dag på søndag!!
God adventstid alle mine kjære venner og lesarar! Husk konkurransen min!!!

torsdag 26. november 2009

Kom igjen då folkens!!

Hei igjen! Eg vil minne om konkurransen min, som du finn ved å klikke HER

tirsdag 24. november 2009

"Fridag"

Vi har vore heima i dag. Tullemor har hatt litt stygg hoste i da sista,og særleg på mandag. Så då tenkte eg da va lurt å halda ho heima i dag. Storebror skulle no IKKJE i barnehagen når ho sku ha FRI!! Så då hadde vi oss ein heimadag i dag.
På bildet ser da svært idyllisk ut...og da va da ....i 5 min. Då gadd ikkje han meir... og ho kasta perlene på golvet...da e om å gjera å ha kamera klart i starten av aktiviteten!
men bollebakingo vart ein suksess. Og dei skal vi kosa oss med på 5 års dagen te prinsen min!

NB: I dag e da 1 mnd te julafto...

Vil minne om Minimikki

Vil igjen minne om konkurranse hos Minimikki!! Klikk her, så kjem du direkte
til den. Kan vinne super gavekort på kr 1000,- Og detta e ein veldig bra nettbutikk med super service. Verdt eit besøk!!

søndag 22. november 2009

Utfordring


Eg fekk utfordringa av Marny-Alice med bloggen Kalas mystiske hjørne om å finne mappe nr 4 eller 7, og bilde 4 eller 7 i den mappa. Så her er bildet:Den viser bestemor og mine to gull på tur frå kalvatre, via demningen og opp til Kletta. Det var denne dagen vi tima turen sånn at eg kunne gå direkte på flyttesalget, der er fann gratis glas. Og dei er eg blitt veldi gla i!!

Eg sender utfordringa vidare til Rodihob, 4 små og Tre kusiner

God søndag vidare alle saman. Husk konkurransen min!!!

lørdag 21. november 2009

Så var vi igang...




I dag har vi starta julebaksten. Og på programmet sto Kakemenn! Det baker vi alltid tidlig, sånn at vi kan kose oss med dei heile førjulstida. (pepperkakene kjøper vi...) Så sidan far i huset skal reisa på kurs i måro, og mogeleg ut på jobb etter det, nytta vi på å gjere det ein regnfull lørdags ettermiddag!

Og for ein suksess!! Ungane var med heile tida, og han far gjorde ein kjempejobb. Mor sin jobb var å kjevle ut, medan dei trykte ut. Alt gjekk som smurt. Og da e kje kvardagskost her...Men no sit vi igjen med ein god følelse av ein super dag! Då e da godt å vere mor.

torsdag 19. november 2009

Jula starter i november...

I dag har det vore ei "minijulafta" her hos meg! Då eg kom heim frå ein hektisk dag på jobb, og vi alle 4 var vaksinerte mot "svineriet", så låg da ikkje mindre enn 3 blad og venta på meg!! Og eg elske blad!
Kamille og Rom 1-2-3, abbonere eg på, og jammen meg fekk eg ikkje eit GRATIS KK!!!!!!!!!!! Seie kje neitakk te sånt!

Og heldige meg har foreldre og storebror med gartneri (!) og julastjernene har vore i vekst sidan august (!). Så no kunne eg ikkje venta lenger. Da e finaste julablomen, synst eg!
Og for å toppa da heila, så har mi kjære veninne, Linda, vore på Frk.Lande og kjøpt sinkhus til meg! Tusen takk, kjære Pøne!! Sjå kor fint da blei! No sitte eg og nyte kvelden. Skal flytta meg bort til sofaen no, og lesa blad. Ha ein fin kveld, alle mine kjære venner!

onsdag 18. november 2009

Førjulskonkurranse

Sidan eg elskar førjulstida, kjem det til å komme litt julete innlegg frametter. Og i den forbindelse vil eg starte førjulstida med ein liten konkurranse! Alt du min kjære lesar treng å gjere, er å legge igjen ein hyggeleg kommentar med kva du likar best med førjulstida! Trekninga blir den 10. desember!

Premien er desse to skjønne marmeladekrukkene med lokk, og skjønn stoff-hette oppå! Sånne kjem eg til å ha ståande på kjøkkenet mitt frå fyrste helga i advent! Kanskje vil det komme noko innhald i desse og til den heldige vinnar! Så lukke te!

torsdag 5. november 2009

På lørdag...

På lørdag tar eg, min kjære, våre to små håpefulle, min kjære bror og kjærasten hans, oss ein liten tur te syden! Nærare bestemt Gran Canaria! Vi glede oss masse. Kjenne at eg trenge litt ferie no ( kem trenge ikkje da??), og e veldig gla for at vi bestemte oss for detta. Da blir bare ei veka denne gangen, men betre enn ingenting!

Einaste eg e spent på e flyturen med mine aktive små. Dei trives best med å springa i baronihagen og ha god plass rundt seg, ikkje fastspent i eit sete. Men vi veit jo kva vi kjem te, og då ska vi bada og kosa oss glugg!

Ha ei fin veka alle saman! Når eg kjeme heim blir da konkurranse på bloggen!

Klems

søndag 1. november 2009

Baroniet

I dag har vi vore i baronihagen. Siste tida har vi vore ein del der. Da e veldig fint der alle årstidene, men personlig synst eg hausten e finast. Da e så utruli masse fine fargar og blad der.
I dag hadde eg eit ærend der. Eg skulle nemlig samla inn kastanjenøtter! Sist eg var der visste eg ikkje kor trea var, men idag hadde eg fått veta kva tre det var. Trur faktisk ikkje eg hadde fått plukka så mange sist heller, for no verka da som dei nett hadde dotte ner. Så no ligge dei til tørking, før dei ska bli brukt til dekorasjon.
Og så tullemor då, koste seg i bladhaugen! (les: va trøtt og ville ikkje gå meir...)

lørdag 31. oktober 2009

Handling på nettet











Innkjøpsstoppen gjelde ikkje på nettet vel???? Eg har no handla litt eg då. Ein del ska vera julapresangar, så då e da vel lov...og vi som ska te syden og alt. Ja, ja... Kjente eg trengte handla litt, he he.

Shoppinga gjekk før seg på www.boligfryd.no


fredag 30. oktober 2009

Minimikki

Minimikki e ei super nettbutikk, med utruleg masse fine kle til barn!!. Eg var så heldig å vere på ein visning av kle då eigaren av Minimikki e ei god veninne av mi gode veninne, Anita!! Og der fekk vi sjå på og kjenna på kleno. Og Elisabeth fortalte om kleno, om dei va store eller små i størrelsen etc. Så samtlige av dei som var der handla.

Merkene dei sel er bl.anna: Dundelina, Ej sikke Lej, Cupcake, Moonkids, Nova Star, Paul Frank....

Og då pakken kom i posten, sånn plutseli bare to dagar itte vi handla, kom dei nydeleg innpakka! Eg e veldi nøgd med både varer og service frå Minimikki.

www.minimikki.no


Så for å fortelja om denne flotte nettbutikken, kan eg no vera med i konkurranse om gavekort. Kan da bli betre??

mandag 26. oktober 2009

Tallerkenhylle!

Her e ei sånn tallerkenhylle eg ønsker meg til jul.... Eller kan du bygga ei, Terje???
Bilde henta fra landcharm.no

lørdag 24. oktober 2009

Husk å stille klokka!!


I natt er det igjen tid for å stille klokka ein time TILBAKE. Gå inn på http://klokka.no/ for korrekt tidspunkt!

fredag 23. oktober 2009

Ny hua!

I KK sitt julemagasin fann eg oppskrift på denne huo. Og då måtte eg jo prøva. Og te Kristlaug bar da for å kjøpa garn. Da garnet som stod i oppskrifta, hadde ho ikkje, så eg enda opp med eit i 100% alpakka...varmt skal det bli.
Og eg brukte vel 2 nøster.



Må sei eg e nøgd. Linda har allerede lagt inn bestilling på ei, så eg får ta turen te Bjørke igjen og handla. Detta va jo gøy.
Ha ein fin fredag alle saman!