lørdag 18. januar 2014

Ryddig kjøkken


Etter ein lang og deilig frukost,
fekk eg da for meg at eg skulle rydda 
og ta litt bilder av kjøkkenet,
min favorittplass i huset!

Eg brukte lang tid på å planlegge kjøkkenet,
korleis utnytte plassen best mulig.
Eg var tidleg klar på at eg skulle ha kvit høyglans.
Ikea hadde eit som var ok, men når mitt største ønske 
var å ikkje ha handtak,
havna vi på Kvik sitt manokjøkken.
Har aldri angra.


Synst vi har fått til å utnytte plassen ganske godt,
med djupe skuffer og skåp.

Sidan vi skulle ha komfyren på ein vegg
utan skåp etc, var det vanskeleg å velge 
ventilator....men då eg såg denne,
vart budsjettet endra og vi kjøpte den.
Synst kanskje den dominerer litt mykje,
men ok, no er den der.



Når eg vrir kamera litt ser dåke veggen med 
steikeovn og kjøleskap.

Vi har og ei stor tavle,
der vi har måla magnetmaling og tavlemaling.
Her skriv vi vekesmenyen og heng opp 
viktige beskjedar.


PH lampane fekk eg av mannen til jul,
like før vi flytta inn.
Orginale lampar frå Louis Poulsen,
kjøpt på nettauksjon i Danmark, Lauritz.com.

Bak vasken og komfyren har vi glasplater til å beskytte veggen.

Litt svart og kvitstripete her og,
golvteppe frå Pappelina,
blir det skittent,
hiv eg det i vaskemaskina
og det er så godt som nytt etterpå.

Ja, litt info om kjøkkenet vårt.

No, laurdagskos med tullemor,
vi er aleine etter at mannen er reist på jobb
og junior på gutatur!

fredag 17. januar 2014

Friskt

Friskt inne og ganske så friskt ute denne helga.
Det bles stiv kuling og det som verre er.

Grøne planter er friske innslag i mitt ellers så svarte og kvite interiør.
Eg likar grøne planter veldig godt, men eg får dei ikkje så godt til.
Det nye huset vårt har vannboren varme, 
og eg trur innelufta vert nokså tørr.
Prøver å dusje dei innimellom,
og vatne ofte.....

Går likevel på med friskt mot igjen.


Joda, julepynten er vekke,
men eg har ikkje pakka vekk alle trea mine.
Dei er på ein måte ein del av julepynten,
men på ein anna måte ikkje.

Eg har dei litt til, eg.

Desse fekk eg av mamma,
nydelege.


Hay DontLeaveMe bordet mitt er favorittmøbelet.

Enkelt, lekkert og anvendelig.

Har ommøblert litt i kveld,
og no skal eg finne senga!

God helg alle fine lesarar.

Eg er på Instagram og, som
@kvardagsgleder