lørdag 13. desember 2014

Vedstativ

Julepynta stove,
nye stjerner i vindauga,
nissar med lange luer, oppå skåpet,
lunt og koselig.



Vedstativet ved sida av ovnen
har den flinke mannen min laga sjølv.
Eg er så utruleg fornøyd med det.



Det er ikkje mykje raudt i stova mi i år, enda.
Men eg har ein plan å ta det fram i lag med juletreet.
For min juletrepynt består stort sett av raude kuler.


Her har du vedstativet,
gjer-det-sjølv prosjekt.



No er det eit tynt lag med snø ute.
Det set ein ekstra spiss på julekosen.
Håpar bare det varer.


søndag 7. desember 2014

Pynt med planter

Førjulstida er her.
Huset blir forvandla til ein 
oase av lys, stjerner og juleplanter.
Norske interiørblogger har ei utfordring denne 
månaden saman med Plantasjen om å vise pynt med planter


Foreldra mine har gartneri, og inntil i fjor hadde dei 
blomabutikk og.
Eg har difor eit veldi spesielt forhold til blomar, 
og då spesielt i jula.


Julerose og svibel



For meg høyrer så absolutt blomar med i julepynten,
og raude julestjerner er favoritten.


Vi skriver i dag 7. desember,
og det er heldigvis meir enn to 
veker igjen til jul.
Mannen reiser på jobb 22. desember 
og blir vekke til 5. januar. 
Vi skal feire litt jul før han reiser, 
og så har vi heldigvis familie og 
gode vener vi kan tilbringe dagane med.


No er bursdagane i huset over, og nissane skal få komme fram.
Litt meir raudt skal det og bli,
sjølv om eg synst den svart, kvite og sølv pynta jula mi er nydeleg.

Håpar de likar mitt bidrag i utfordringa denne månaden.

Kikk innom på NIB sine sider for meir inspirasjon.