lørdag 24. august 2013

Eg har fått meg String


String hylla!!

(Ikkje noko stringtrusa viss da va da du trudde då du leste overskrifta...)


Kvit String hylla.

Har ønska meg den lenge, visste kor den skulle henga,
såg den for meg.
Hadde og planlagt kva eg skulle ha i hylla.
Det er ofte sånn med meg, eg har eit ekstra gen for organisering og orden.

Då vi flytta inn i da nya huset,
hadde eg møblert det lenge før vi flytta inn.
Så dei som hjalp meg med det,
kunne bare følge instruksjonane mine!!

He he, eg ler. 

I går hadde vi invitert til grillmiddag,
og naboen kom med blom til meg
"pletter i luften" vert den kalla.
Korleis kunne ho vite at den passa perfekt på hyllo mi?

Tusen takk, Randi!



Hylla bestilte eg på "Scandinavian Design" på nettet.
Det var der eg fann den rimelegaste.
...og handla du for 999 kr, fekk du gratis frakt. 
Så då kjøpte eg "Lovebirds" kjøkkenhandkle og dei stripete kleklypene frå Ferm Living og,
og det vart rimelegare enn den andre nettbutikken eg sjekka.

Scoop rett og slett.


Så endeleg får eg vist fram dei flotte Mano koppane mine, Mugtail skålene og da andra fina eg har.

Når eg har kjøkken utan hyller, så vert jo alt ståande bak lukka dører.
'Fint å ha ei hylle eg kan "dille og dalle" på då.


Eit lite heilhetsbilde av kjøkkenet.

Skal prøve meg på å ha bordet UTAN voksduk på ei stund....

Får no sjå kor lang tid det tar.

Veldi nøgd med dei nye stolane frå Bohus. 
Trur eg skal kjøpe fleire.

Hylla har fått hedersplassen på kjøkkenet.

Eg er nøgd.

God laurdag til alle fine lesarar.

mandag 19. august 2013

Endeleg er stolane på plass


Ein stor draum er endeleg gått i oppfylling.

Ei investering for livet.

4 stolar har fått plass rundt det flotte eikebordet vårt.

Eg har lest, at eikemøblar er på mote igjen.
Alltså eg er ganske så "In".

...og eg som hadde tenkt å selge det....



Stolane vart levert på døra i dag.
Mamma henta dei for meg.

Dei passa perfekt inn på kjøkkenet mitt.

Som den fødte materialist eg er,
kjenner eg lukka bre seg når stolane stod rundt bordet. 





"Syveren" designa av Arne Jacobsen,
3890 kr pr stykk.


Kunne dette vore....
.....det er draumen.


I mellomtida nøyer eg meg med desse frå Bohus til 
199 kr pr stykk på tilbud.

Såg du forskjell??

Eg er fornøyd eg.