lørdag 25. januar 2014

Garnglede frå Rosendal


I dag vil eg gje rein gratis reklame og hyllest til ei fantastisk ny bok
som vart lansert denne veka.

"Garnglede frå Rosendal"

Turid Lindeland Hillesdal som eig og driv Rosendal Turisthotell saman med mannen Ove,
har gitt ut ei bok med oppskrifter på dei fantastiske strikkeprodukta ho lagar.

Eg må nevne at eg sjølv er så heldig å eige to par av Cosy consept - sokkane ho har laga,
turkis/grøn og koksgrå/kvit.

Oppskrifta er ein versjon av ei gamal "bunadsokkar"oppskrift, 
og mamma har strikka dei rosa frå ei slik oppskrift.



Eg var så heldig å få boka i gåve, 
rykande fersk,
på torsdag,
og eg får rett og slett lyst å strikka...

- Tusen takk Kristin - 


Og når favoritt-fotografen min, Bodil-Bo, og
favoritt-stylisten min, Signe,Resignert
har medverka til boka,
då vert resultatet utruleg bra.



Inspirasjon


Perfekt ramme rundt bilda,
Rosendal på sitt vakraste,
og dei skjønnaste modellane.

Eg anbefaler deg å kjøpe denne boka, viss du likar 
strikking,
matoppskrifter,
Rosendal,
fine bilde

Nyt boka, bildene og kanskje eit strikkeprodukt.

God helg.

Sjå og innom bloggen til Turid og Turisthotellet her


søndag 19. januar 2014

Kjøkkenet frå ein anna vinkel



Kjøkkenet mitt frå "innsida".
Det er stort sett her eg står,
lage mat, baker, smøre nista etc

Liker utsikten, 
ser ut alle vindaugene herifrå.

Eg veldi gla for at vi valgte store vindauger i alle retningar.




God arbeidsplass,
men kan ein eigentleg får nok benkplass? 
Nei, skulle gjerne hatt meir...


Ser litt "nakent" ut no når alt var rydda vekk...

ser sjeldan sånn ut... sjølv om eg prøver veldig.


Sånn ser du heilheten ,
kan ikkje få sagt nok kor fornøyd eg er med kvitt bord og kvite stolar.

Komplett lykke.

Fekk spørsmål frå Lonni angåande magnettavlo;
eg kunne nok ha ønska meg at magnetane hang litt betre,
må ha ganske sterke magnetar for at det skal henge skikkeleg.
Vi malte eit strøk med magnetmaling fyrst,
så to lag med tavlemaling etterpå.

Så var denne helga og over,
kunne tenkt meg ein dag til med fri....
sånn utan vind...

Vel, vel, det er bare å ta dagane som dei kjem.

God veke til dykk alle.