mandag 27. mai 2013

Ny vri


Interiørblad-stige


Når eg finn nye bruksområder til ting eg allereie har, blir eg veldig fornøyd.

Trur det var i bladet "Kamille Ideer" eg fekk tips om å bruke stigen min til å 
henge interiørblad på.


Pompongane eg har laga sjølv, kan du lese om framgangsmåten 
i dette innlegget.

Det enkle er framleis det beste!


Interiørblad har eg mange av, alt for mange.
Skal donere ein bunke til Diana sitt loppemarked, har eg tenkt.
Eg abonnere bare på 2 no, eller var det 3?


søndag 26. mai 2013

Min kjøkkenhage


Hagen vår er under planlegging og opparbeiding.
Vi sådde ein "plen" i fjor, som det rett og slett ikkje vart noko av.
Det var vel ikkje bare vår feil, for været var ikkje nett på nyplen si side i fjor.

Eg har planta to jordbæramplar, som no viser tydlege teikn til at det kjem bær på dei.
*kjempestolt"

Gler meg til å smake på det fyrste bæret!


Kjøkkenhagen min er i krukker.
Mulig den på sikt vil bli overført til "pallekarmar",
men føreløbig har vi dei slik.
Sitronmelisse, timian og grasløk.


Kruspersillen skal få selskap av basillikum og mynte på sikt.

To blåbærbuskar står bak.
For tida så et vi mykje blåbær, og det skal bli ei sann fryd å hauste frå eigne buskar.
Blå blåbær og rosa blåbær.
Ja, du leste rett, rosa blåbær. 

*lever i spaning*


Piletre er årets "hit".
Vi er no utsolgt i hagesenteret, og mange kan nok glede seg over desse i år.
Spent på om eg får dette til.

I helga har det vore sol, og vi har spreng-mala hus.
I fjor vart vi rett og slett ikkje ferdige, då det aldri var vær til å male i.
Derfor må vi no nytte alle anledningar.

Grå skifer er fargen, og eg er veldig nøgd.

Ps, Eg fann vinnaren av give awayen!!