lørdag 16. januar 2010

Knekkebrød!

I dag tenkte eg skulle dela oppskrifta på knekkebrøda som eg bakar. Her er mykje kli og frø. Dei er sunne, gode, og set godt i gang fordøyelsen!

Bland:
2 dl sammalt rug grov
2 dl lettkokt havregryn
2 dl havrekli
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkekjerne
1 dl linfrø
1 dl kruskakli
2 ts salt
7 dl vatn

La dette svelle ca 10 min. Fordel massen på 2-3 steikebrett. ( eg bruker 2). Del så inn passe store ruter med f.eks ei pizzarulle, før du steiker.
Steik så bretta (gjerne samtidi) på varmluft på 180 grader i ca 45 min. Opn opp ovnen ca kvart 15. min for å sleppe ut fuktighet. Etter at dei er ferdi steikt er det lurt å la dei "tørke" 15-20 min på ca 100 grader.
Ta dei så ut av ovnen, og knekk dei opp i rutene som du delte før steiking.

Lykke te!

torsdag 14. januar 2010

Salg salg salg

Eg e dronningo av salg iallefall i detta huset..og arvelig belasta, sjølv om mamma e ferdi me salg, som ho seier! og har sjølvsagt brukt litt pengar idag! For idag starta salget i Rosendal. Alltid litt etter alle andre stadar, men so....

Denna kassen med litt stasj, fann eg på Stemning, der alt va minus 30 %.

Og der raska eg med meg to eggaglas frå Bruka. Har 4 frå før, så no har eg 6. Eit must!!
Og Dundelina-kjole på Årmann til minus 50 %. Den e str 98, men eg trur ikkje da e lenge te prinsesso kan bruka den! At eg har ei jenta som ikkje skal ha på kjole for tida, men heller Kaptein Sabeltann gensar....ja, da gløymer ho mor ei lita stund! Og bestemor ho som e slutta å gå på salg spanderte denna på go`jenta! Sidan eg hadde så lyst på!

Eg kjøpte og 2 par sko te prinsen, og eit par Ecco vintersko te prinsesso, for tilsaman 800 kr.

onsdag 13. januar 2010

Kaffi og te

Det går ei oppfordring på bloggar no ( Var Malivasverden som starta den!) om å vise fram kaffi og te-boksar. Her er mine! Boksane er kanskje ikkje heilt "meg, men eg fekk dei av mamma for mange år sidan, og dei har fulgt meg heile tida. Eg har difor blitt glad i dei, og bruker dei dagleg!

Eg elskar både te og kaffi, og drikk det vekselsvis både heima og på jobb. Må ha kaffi kvar dag, sånn e da bare. Likar den svart, utan noko dikkedariar i. Men tar meg gjerne ein caffe latte i ny og ne! Og då høyre da vel sjølvsagt me, ein liten sjokoladebit....

Ha ein fin onsdagskveld! Eg har nytta fridagen godt, vaska hus, vore på lang skitur, hatt pannekaker til middag, hatt trimmen for gruppe 3-6 år, strøke masse kle, rydda i skap, baka knekkebrød, og blogga...slå den du!

tirsdag 12. januar 2010

Primula

Det tydelegaste teiknet på at våren er på vei! Og finst i så mange nydelege fargar! Løp og kjøp!

søndag 10. januar 2010

Og engler daler..

...ned i skjul...heitter det i julesangen!
Hos meg får englane henga litt til, sjølv om resten av julapynten e vekke for lengst!
For 4 år sidan var eg skikkeli i tove-modus. Eg tova nissar, englar, høne, pingvinar, ja...til og med ein sau! ( Du Hilde, korleis blei da med dei der tova tingo dine???) Men det var den gong da...einaste eg tovar no, er tøfler og vottar i maskina..

Men eg er vel heimkommen etter ei hærleg natt på Solstrand. Da svarte te forventningane, ja. Bada, åt, drakk vin, leste bok, sov og bada igjen, før vi åt verdens beste hotellfrukost ( eller, den på Hilton Stansted for 7 år sidan var visst hakket betre...). Då mamma serverte oss kjøttkaker kl 14.30, åt vi bare fordi vi er høflege, ikkje for da vi va svultne.