torsdag 8. mai 2014

Uteliv


Sol, vår og uteliv.


Sånn ser det ut ved inngangspartiet vårt.
Ny grus/singel i tunet hjalp veldig på,
og no har det fått eit reinare uttrykk.

Heldigvis malte vi ALT i fjor, 
så treng vi ikkje bruke energi på det i år.


Vi har brukt lerk på terasse og rekkverk,
som no har byrja få ein naturleg gråfarge.

Eg digge den fargen og det naturlege.

Fargen på huset er "grå skifer" og sjølv om
vi har grå dører passar det veldi bra.


Dei rosa pottene frå Ehlo er utruleg flotte 
og har god kvalitet.
Dei har fått inn potter i ein kul grønnfarge i hagesenteret i år,
mulig eg må ha litt av den og!!

Sidan hagen er under opparbeiding,
plantar eg det meste i krukker enda. 
Eg skal vise meir av dette etterkvart.

I helga skal eg ha gjesteopptreden i hagesenteret,
og kjenne eg meg sjølv rett,
så kjem eg til å ha lyst til å kjøpe ALT der inne.

Dette er tida for å handle blomar, no bugnar det!!

Ha ei fin fin helg alle saman.