søndag 31. mai 2015

Smak av sommaren 2015

Ja, vi fekk ein smak av sommaren
i midten av mai.
Med sol i heile to dagar,
varmt og fint.

Men det varte ikkje lenge...


og ja, vi har kjøpt oss bubil,
og vi har kjøpt oss crocs.

Sommaren 2015 skal vi på ein og kanskje to 
turar med bilen vår.

Den fyste turen vår var til Kinsarvik
og Hardangertun Camping.
Det var sesongåpning i Mikkelparken kristi himmelfartsdag,
og med det flotte været blei jo det ein suksess.




Vi har alltid med oss syklar på tur,
vi likar, og vi treng vere aktive.
Kjekt å utforske områda vi er på,
og kjekt å gjere noko saman som familie.




Denne gangen fann vi ein super turveg, som var flott 
og variert å sykle på.
Den var skilta undervegs, med informasjon
om plassen og litt historikk.


Litt dumt at akuratt denne vegen låg på 
skuggesida om ettermiddagen,
så det vart litt kald inni skogen.




I Kinsarvik har dei til og med telefonkiosk.
Det er det ikkje mange av igjen her i landet,
så den måtte testast ut!!


Årets fyrste bad,
i oppvarma basseng!!



Flott utsikt mot Lofthus og fruktrebløming i Hardanger!


Sånn er campinglivet.
Det meste skjer utandørs,
og ein må sjølvsagt rigge seg til med bord og stolar, 
grill og det som høyrer med.
Og joda, vi har fått høyre at det neste er vel å kjøpe 
like grilldressar og....
he, he, tenk så praktisk då. 
Veit akuratt kva du skal ha på deg neste dag,
og så lett og kjenne igjen dei som høyrer saman!!



Campinglivet over for denne gang,
og vi sette kursen heimatt og 17. mai feiring.

Oppsummert:
Eg er utruleg imponert over kor mange som faktisk ferierar på denne måten,
det er bubil, campingvogn, telt, combicamp....you name it.
Folk likar å feriere enkelt.
Serviceanlegga er stort sett godt tilrettelagt,
sånn at ein både kan gå på do og dusje utanom bubilen. 
(Heldigvis, det er ikkje store plassen ein får å setje seg ned på inni der....)
Eg må lære meg å pakke praktisk,
minst mulig og akuratt det vi treng
for totalvekta på bilen må ikkje bli for tung....hjelpes meg alltså,
alt ein må tenke på....
og ull, fleece og litt dun må nok vere med tiogmed på sommarferien,
for kalde kveldar blir det,
og vi er mykje ute.

og ikkje minst,
mykje aktivitetar til alle, 
for det er noko med å skulle aktivisere seg heile dagen,
både store og små.
Syklar, sparkesyklar, spel og strikketøy er obligatorisk.

Vår familie er ikkje laga for å sitje i ro i ein stol,
og heldigvis for det.
Men campingferie er aktiv ferie
og det krever litt av far og mor og!

Men eg gler meg,
og eg håpar at startvanskane våre på denne 
turen er ein erfaring 
vi kan ta med oss vidare,
sånn at dette med bubil kan bli ein grei ting.

Vi prøver!


Kanskje ser vi han her igjen og ?!

Ja, det er nok mange der ute som er overraska over at eg er med på eit kjøp av bubil...og det er eg og....