lørdag 18. september 2010

Vinnarlukka

Då eg var inne på Facebook i dag, så oppdaga eg ved ein tilfeldighet ein melding eg ikkje hadde lese før....Der stod det at eg hadde vunne gavekort på Minimikki på kr 500! 

Du kan trygt sei at eg jubla då. Minimikki er ein nettbutikk eg ofte er inne og kikkar på. Mykje eg har lyst på, men sjeldan eg kjøper. Diverre. For det er super service, og det som kjem i posten er fint pakka inn og det beste av alt er at eg har møtt Elisabeth som driv den, då ho er ei veninne av veninna mi. 

Eg synst det er mest kle som passar for jenta mi der inne. Og difor blei det til henne eg handla i dag!

Då eg har ei "tøff" lita jenta, som ikkje er noko prinsesse-emne.....så blei det kvardagskle denne gangen. (ho har 2-3 kjolar, og det er nok....for vi får sjelden brukt dei!)

Eg kjøpe denne gensaren til.
Eg har lånt bildene frå Minimikki, og dei blei litt uklare.
Dette er klemmer frå Giddy Giddy. Kjempeskjønne. Så får vi bare håpe at håret veks litt til!

Som dåke skjønne, så tok det ikkje lang tid før varene var bestilt!! Viss du vil inn å kikke på Minimikki kan du klikke her 

onsdag 15. september 2010

Hels på....

                                                                FLIKK FLAKK




Han er med overalt kor vi ferdast...


Enten må han ligge i dokkevogna, mens han blir trilla rund. Eller så går ho og bere på den.

Av og til putter ho han under setet på "gåbilen" sin, mens ho sit oppå og køyre. ( Og av og til finner vi den ikkje når ho skal legge seg, og no har eg lært at eg skal sjekke denne plassen fyrst).


Og ho fekk den av storebror då ho var fødd. Den er kalla opp etter hunden i favorittbøkene hans på den tida, nemlig Bonden Bendik sin hund, Flikk Flakk.

Og i snart 3 år har den fulgt oss i tjukt og tynt. Eg lurer på om ho nokon gang kjem til å slutte å ha den med?

tirsdag 14. september 2010

Eple bollar

Ja, du leste rett: eplebollar! Eg fann oppskrifta hos Trine sin mektige matblogg!! 

Og dei vart testa ut på lørdag. nam alltså!

Og oppskrifta finn de ved å trykke her.

søndag 12. september 2010

Stemning

Så kom hausten, nesten litt over natta. På fredag gjekk vi vel i kortbuksa, og det var varmt og fin. Og lørdag braka det laus. Og det har stort sett regna i eitt sidan. 

Men eg har gode Ilse Jacobsen støvlar og Bergans kle, så regnet stoppar ikkje meg!


Eg har laga ein liten haust-stemning-dekorasjon i stova. Med flotte lys som eg fann hos Bo Grønt Fredheim Gartneri, som forøvrig har ope siste veke av sesongen no. Trur alle kan gjera nokon gode dealar der. 50 % på alle utepotter blandt anna.

Og litt lyng er alltid rett om hausten. Veit ikkje kor lenge dei held her inne, men vi får sjå.

I dag har eg hatt mamma og pappa på komla. Mamma er kommen heim frå ei veke på sjukehus. Eg er veldig glad og takknemlig for at legen i Odda ikkje gav seg, og fann ut kva som har plaga ho i fleire år. No kryssar vi fingrane for at ho kan ha det godt utan vondter. 

Og etter den siste give awayen min fekk eg mange nye følgarar. VELKOMMEN skal de vere. Eg set pris på dåke alle!!! Og gje meg gjerne tilbakemeldingar på kva de synst om bloggen!!

Fornøyde ungar

Her er "byblomen" dei skjønne små fekk etter turen til mamma. Og da passa jo bra at det var fotballtrening dagen etter heimkomst! Det var forresten fleire FC Barcelona spelarar på lille-putt trening denne dagen :-)

Og her smiler dei til pappa-fotograf! Kva er det med detta skjeiva smilet dei lagar seg til når vi ber dei om å smila???

I dag regnar det, kan du sei! Men vi skal snart kle oss godt, lufta oss og hoppa i søledammane!