lørdag 25. oktober 2014

Klubb på kjøkkenet


Klubb med kjekke damer er 
som krydder i kvardagen(!)
ca ein gang i året er det min
tur til å invitere.



Denne gangen stod det fiskesuppe ala Hilde
på menyen. 
Saman med nysteikt focaccia og snickerskake
til dessert!


Lovebirds på bordet,
sette prikken over i-en.



Bordpynt treng ikkje vere så avansert,
det enkle er ofte det beste.
Desse bambus-underlaga frå Ikea passar så godt til 
Hay stolane.
Flaks at Diana, My Dream, hadde nokre eg kunne låne
så det vart komplett.

Nye skåler frå Perfect Home passa godt til
fiskesuppa denne gangen.


Så med ferdigpynta spisebord,
nysteikt focaccia på disken,
fiskesuppe på kok,
var det bare å vente på at dei flotte 
damene skulle komme!

Ein flott kveld med kjekke damer,
mykje latter og gode historiar!