torsdag 7. mars 2013

Husk Give Away!!


Med bilde av mine nye fasett vasar frå Bolia...johooo
og nydelege hortensia i,
vil eg minne om Give Away'en min som det vert trekning av på søndag!

Klikk her for å komme direkte til innlegget du må kommentere på,
eller sjå på høgre sida på bloggen!

Lukke til alle saman!

tirsdag 5. mars 2013

Sunn innimellom


I vår-sommar-haust gjorde eg små grep i høve kosthold.
Eg meldte meg inn i Vektklubb.no, og bestemte meg for å gjere det over tid.

No har det vore jul og ei tid med mykje god mat.
Eg kan glatt eta ei 200 grams sjokoladeplata utan å bli kvalm....
Eg likar mat, eg nyt mat, likar å lage mat,ja, alt i saman.
Derfor prøver eg å finne gode og sunne alternativ innimellom.

I dag, fruktsalat til mellommåltid.


Eg et mykje All Bran frå Kellogg`s,
og puttar lett litt av det oppå fruktsalaten.


Cottage Chees
veldig sunt
Heldige meg som likar det så godt!

Ser du noko nytt på bildet??


Lyseblå Mano kopp frå Kähler, kjøpt på Ting.
Lyserosa glas frå Ikea.

Junior er framleis sjuk.
Var på skulen i går, men dårleg att i dag....stakkar liten.

Har veldig lyst å gå på jobb, fordi det er så gøy.
Vi skal byrje gjere klart til opning av hagesenteret,
eg har svinga målerulla og er klar for mykje nytt og fint.

Men det får vel vente til han fine kjeme heim frå jobb, ser det ut som....

Fin fin dag til dåke alle!

søndag 3. mars 2013

NIB: Jenteparty


Mitt bidrag til denne månadens utfordring:
JENTEPARTY

Det eg tenker på når det er jenteparty er
Noko godt i glaset - gjerne boblevatn
Smil
Latter
Høg latter
Gode historiar
Mykje "hugsar du"
Høg trivselsfaktor  og
sist men ikkje minst "mista litt hemningar".

Det er snart klart for klubbtur igjen, og alle desse momenta skal vere med oss til Nice.






Bursdagsplanlegging


Tidleg på kvisten, sit eg og planlegg 5 årsdagen til tullemor på fredag.
Den har vore planlagt lenge, sjølvsagt.
Det er ingen prinsesse vi har, og difor heller ikkje noko prinsessebursdag.
Inne på Festfabrikken.no fekk vi handla det vi trengte
( eller, eg måtte begrense meg kraftig.....Der var det mykje fint!!)


Tullemor fekk kokebok til jul, og bestillinga frå ho var klar:
"Eg vil ha sånne muffins til bursdagen min"


Pynten har eg starta med, og vist i dette innlegget.


Så no er det berre å googla litt meir inspirasjon.
Ikkje fordi tullemor ber om det, for ho er meir enn nok fornøyd med muffins og ballongar..

Men fordi eg synst det er så gøy!!

Velkommen så mykje til nye følgarar!
Det er dåke som gjer det gøy å blogge!!

Fin fin søndag til alle!