lørdag 3. september 2011

Anetteshus


Bli med å feire 3 mill besøkande hos Anetteshus. Fantastiske premiar. Klikk her for å vere med.

fredag 2. september 2011

Uhuuu


Ugla frå House Doctor er kjøpt på Sæbøvik Gåver og leiker på Halsnøy! 


Eg har fått sansen for ugler no, og har planar om å ha det som eit tema når eg skal sy i år og. Så får vi sjå om planane kjem ut i live...


Snakk om hauststemning i vindauga :-)

Det er haustleg ute og no, vind og regn. I morgon skal vi arrangere "Barnas Dag" på skulen her i Omvikedalen. Då kjem brannbil, politi og ambulanse ( viss ikkje dei skal på utrykking då!), vi sel kaker, kaffi. Pølse og drikke tar 4H seg av. Det blir diverse aktivitetar og trekking av loddbøkene. Oppfordre alle til å kle seg ut og. Det kan vanke premie då!!

tirsdag 30. august 2011

Favorittane mine


Eg er verdens heldigaste mamma. For eg har dei to beste ungane i heile verden. I dag har begge to, på ulike måtar, gitt meg ein stor klem og sagt at eg er den beste mammo i verden.

søndag 28. august 2011

Grå Skifer


Mannen byrja såvidt å male litt på den bordkledninga som er komme opp, sist han var heime. Litt greitt å gjere det medan stillaset er på plass. Vi har valgt fargen grå skifer frå Jotun. Karmane rundt glaset vert som dei er levert, i kvit eller S 0502-Y, for å vere heilt korrekt, men ellers vert det grått. 

Enkelte områder skal vere dekka i plater i betongfarge. ( Kva heitte dei platene, kjære?)


I mellom huset og garasjen, vert det stoooor terasse. Den skal gå fram mot inngangspartiet og, som er på oppsida. På dekket skal vi ha sibirsk lerk.


Nett no er det litt "still-stand" der oppe. Eine snikkaren er på eit anna prosjekt, den andre har viss spelt litt Old-boys-fotball og skada kneet (!), og mannen er i Brasil. Så no skjer det lite. Og eg vert utålmodig..


Her er garasjen komt opp og. Nede skal det vere verkstad og "furtebu", oppe skal vere dobbel garasje til bilane. 

På spørsmål, så skal huset vere i "minimalistisk" stil. Nokon tvilar på at eg får det til, men eg kjenner meg veldi komfortabel med slik stil iallefall. Lite og ingen lister, lite gardiner, reine linjer og klare enkle fargar, høgt under taket og mykje vindauge. Mannen er redd det blir litt sterilt, men der kan han slappe av, det blir det ikkje.

Eg har vakse opp i eit hus som er overfylt med ting og tang, er sikker på at mamma kan dekke til 100 personar. Og der er ingen plass på veggane til å henge opp nye ting. Slikt gjer meg litt "klaus"... Eg treng luft og åpne rom. 

Og eg er klar til å innrede!