søndag 2. oktober 2011

Pause


Med bilde av den flotte globuse junior vann på Barnas Dag i Omvikedalen, vil eg informere om at Kvardagsgleder tar seg ein liten pause.

Det er mykje som skjer for tida, og eg vil no "skifte fokus" ein periode. I morgon byrjar eg i ny jobb, som vil krevje mykje av meg. I tillegg bygger vi som kjent hus, og mannen jobbar i nordsjøen. I det siste har han jobba litt overtid, som igjen fører til at eg er enda meir aleine med to små born og oppfylging av dei. Eg kjenner at eg brukar mykje tid på internett, og tenking på blogg og blogginnlegg. Det er svært givande og har gitt meg mykje, men no kjenner eg at det er rett med ein pause etter 3 år med blogging. 

Eg veit og at det har vore vanskeleg å kommentere på bloggen i det siste, og eg veit ikkje korleis eg skal rette på det.

Takk til lesarane mine, da e dåke som gjer det gøy å blogge og som gjer at eg kjem nok attende!!