lørdag 6. august 2011

Lille Thailand i Omvikedalen


I går kjøpte eg og mannen middag på "Lille Thailand", ei lita matvogn som er plassert ved "gamlekiosken" i Omvikedalen!


Kunne dette friste deg, kan du ringe og bestille på telefon nr 90016409 eller 95812843, eller rett og slett møte opp utanfor!

Vårrullane er eit godt alternativ til godaste Veronica sine, som sjølvsagt er best!

Eit lite glimt


av vår nye bustad.




fredag 5. august 2011

Han kjenner meg godt


han eg er gift med. 


Han kom nemlig heim frå 3 vekers jobb i Brasil, men nye flip floppar til meg.


Rosa Havaianas med diamant..."en kvinnes beste venn"??

Eg kan ikkje ha det betre enn eg har det nett no. Mannen heima, ungane i seng, er på nett og kan blogga, vi er ferdige å flytta og rosè vinen på vei i glaset!

mandag 1. august 2011

Nye hagamøblar eller...


...lenestolar til stova?


Knall og sitje i. Eit sett igjen i Bo Grønt Fredheim Gartneri i Rosendal!! Minus 30 % no. Før 9200,- no 6440,-

Eg har kjøpt eit sett, to stolar, to fotskammel og bord. No kan det andre bli ditt. Løp og kjøp!

søndag 31. juli 2011

I love HM HOME


Mykje fint i katalogen, som eg nesten hadde kasta utan å sjå i den...For ei lukka at eg ikkje gjorde da...sant min kjære!
No har eg venta lenge på å kunne kjøpe ei sånn "hotellpute" til å ha i senga. Mannen ønska seg ei slik, etter å ha sove på hotellet på Flesland. Så då har eg jo lov å bestilla sånne no. Der vi leigde sist, var det skråtak og ikkje plass. Men no...
Stort og flott bad har vi fått no, men med litt "kjedlige" fargar, som grått og kvitt. Då må vi farge det litt opp med "stæsj". Rosa e knall.
Må ha ny dørmatte og, men det var ikkje denne eg hadde tenkt. Får sjå om eg finn ei litt kulare!

Vi har sjekka inn på hotellet igjen. Ikkje fordet at vi ikkje kunne bu i huset vårt, men fordi junior må vere her i morgon når eg skal på jobb. Vi håpar på at pappen kjeme heim snart. Vi saknar deg!

Velkommen til min nyaste følgar, kjære Tanja!!