fredag 9. august 2013

Nett som nytt igjen


April, mai og juni har gått så fort i år. Trur det har med jobben eg har hatt siste året,
der desse månadane er høgsesong i hagesenteret.

Medan eg låg på ei solseng på Rhodos, såg på interiørbilder på Instagram,
så byrja interiørinspirasjonen å boble i meg.

Ein kveld i sist veke, tok eg å samla alle lausøyre i stova på spisebordet,
og byrja setje ut og stæsje litt på nytt.



Hylla Expedit frå Ikea føl meg rundt i stova.
Synst den passar godt inn hos meg, og eg får plass til mange av dei fine tinga mine i den.

Nydelege Mugtail.
Kâhler vasane  
( den store er det til mi store sorg, ei sprikke i.....)

Fasettvasane frå Bolia
Eska frå Søstrene Grene med Ferm-living inspirerte ruter på.


Eg var på Bohus på måndag og då vart denne flotte lysestaken med heim.
Joda, eg ynskjer meg framleis ein Kubus lysestake,
men i mellomtida sklei denne perfekt inn i interiøret mitt!



DIY - bilde.

Eit dobbelt kort frå Søstrene Grene vart bretta ut,
og plassert i ei ramme.

Utruleg lettvint og kreativ kunst!


Det er ikkje rom for så store ommøbleringar i stova mi,
men eg er veldig nøgd med sånn den er no.

No ventar eg i spaning på om Bohus kjem med det eg kjøpte der på måndag...

Vent å sjå!

Fin fin fredag til alle flotte lesarar der ute.

torsdag 8. august 2013

No blir det uhuuu stemning på badet


Sjå på denne skjønningen eg har fått!
Så utruleg nydeleg.

Ei veninne posta eit bilde av ei slik bedårande ugle på Instagram.
Eg la ikkje skjul på at eg så veldi ønska meg ei slik...

og då eg kom heim frå ferie,
fekk eg denne.

-Tusen takk, Anette-


Under sist ommøblering,
flytta desse uglene og inn på badet oppe.

Dei har alle si personlegheit,
sin skjønnhet og sin intelligens.


Minstemann har flytta inn i fuglehuset.

Kikkar ut og held eit auga med oss.


og til slutt, siste tilskudd i familien.

Nydelegaste
Finaste
Skjønnaste
Største

Kjøpt på loppis.

Ho har ikkje heilt funne sin plass i huset enda. 
Vi går litt rundt og prøver, så ho kjem til å dukke opp litt overalt frametter.

Ho seier ikkje så mykje, men eg veit kva ho vil.



søndag 4. august 2013

Orden i sakene, iallefall ei stund....


Badet nede er stort sett fylt med kle, kle og endo meir kle.
Noko er reint, noko er skittent
og noko er sånn
brukt ein gang, 
for brukt til å leggast i skåpet att,
men for reint til å vaskast...
Skjønar?




Derfor har vi no ei Expedit hylla frå Ikea ned på badet.
Vi er 4 i familien (Flaks)
og alle har difor fått ei Skuff-korg kvar til å legge kleda sine i.
Det funkar faktisk.

Ei stund.


Elektrisk handkletørkar har blitt eit must hos oss.
Denne er frå Clas Olson.
Det er kvardagsluksus å ta eit varmt og tørt handkle frå denne etter ein dusj.


Laundry-korg frå Åhlens.
Oliventre
Knottar frå HKLiving, Button Hook.
Desse kom opp før hylla vart plassert.
No er dei ikkje så mykje i bruk, desverre.
Men fine er dei.

'
Dorullar kan og vere ein del av interiøret,
oppi ei fin fin korg.

Så får vi sjå kor lang tid det tar før det igjen heng klede over badekaret,
eller ligg strødd på golvet.....

Vi har baderomsplater som liknar fliser på veggen,
og golvbelegg på golvet.
Utruleg lett å halde reint,
eg anbefalar det på det strekaste.

Fin fin søndag til dykk alle.

Hotellinteriør


Den fyrste veka heima har gått så fort at eg ikkje er komme heilt i gang med ting her heime. 

Viser dykk difor i dag litt av hotellinteriøret på Kallithea.

Eg likar når ting er stilig.


Flotte oliventre stor overalt.
Tenk å fått dei like fint til her heime...


Dritkul lampe i lobbyen.


Stor klokke på veggen,
så vi i feriemodus veit kva tid vi skal luffe opp til lunsj og middag.


Tøffe lampar 


Lekkert inngangsparti, 
reint og ryddig.

Eit hotell eg absolutt kan anbefala på mange måtar:
reint
ryddig
flott og service innstilt personal
tilrettelagt for barn
og knallgod mat.

God tur!