lørdag 24. oktober 2009

Husk å stille klokka!!


I natt er det igjen tid for å stille klokka ein time TILBAKE. Gå inn på http://klokka.no/ for korrekt tidspunkt!

fredag 23. oktober 2009

Ny hua!

I KK sitt julemagasin fann eg oppskrift på denne huo. Og då måtte eg jo prøva. Og te Kristlaug bar da for å kjøpa garn. Da garnet som stod i oppskrifta, hadde ho ikkje, så eg enda opp med eit i 100% alpakka...varmt skal det bli.
Og eg brukte vel 2 nøster.



Må sei eg e nøgd. Linda har allerede lagt inn bestilling på ei, så eg får ta turen te Bjørke igjen og handla. Detta va jo gøy.
Ha ein fin fredag alle saman!


søndag 18. oktober 2009

Flyttesalg!

I går kveld såg eg i Grenda, at da skulle vera flyttesalg i eit hus som nett er selt i Rosendal. Eg tenkte at der kunne eg finna gøymde skattar (les: ei tallerkenhylle!!)

Så eg og mamma tima turen med ungane bra, og passerte huset sånn ca femten minuttar før "åpning". Eg og prinsen vart ståande og prate med nokon andre som var ute i samme ærend, før vi gjekk opp til huset. Utanfor stod det noko rot, men prinsen kunne nok ha tenkt seg at vi kjøpte den gamle ro-maskina som stod der...men eg sa at vi ikkje hadde bruk for den, og det var greit. Han måtte bare prøve den ein gong til...

Så fekk vi komme inn. Eg storma inn på kjøkenet og såg meg vilt rundt på veggane, for å sjå om der kunne vere ei slik hylle. Men den gang ei. Ingen tallerken hylle for salg. Men eg tusla no rundt og såg på da som var. Plutseli såg eg ei hylle med nokre glas i...Hm, dei kunne eg tenkt meg, sånne har eg nokre liknande frå før... Og jammen meg, der stod da GRATIS på hyllo. Eg måtte dobbelsjekka, men joda, da va gratis! Bare å forsyna seg!! Og eg tok alle 8 eg. Og gjekk ut frå flyttesalget med 8 glas, heilt gratis. Sånt kan vi lika!!!