torsdag 5. november 2009

På lørdag...

På lørdag tar eg, min kjære, våre to små håpefulle, min kjære bror og kjærasten hans, oss ein liten tur te syden! Nærare bestemt Gran Canaria! Vi glede oss masse. Kjenne at eg trenge litt ferie no ( kem trenge ikkje da??), og e veldig gla for at vi bestemte oss for detta. Da blir bare ei veka denne gangen, men betre enn ingenting!

Einaste eg e spent på e flyturen med mine aktive små. Dei trives best med å springa i baronihagen og ha god plass rundt seg, ikkje fastspent i eit sete. Men vi veit jo kva vi kjem te, og då ska vi bada og kosa oss glugg!

Ha ei fin veka alle saman! Når eg kjeme heim blir da konkurranse på bloggen!

Klems

søndag 1. november 2009

Baroniet

I dag har vi vore i baronihagen. Siste tida har vi vore ein del der. Da e veldig fint der alle årstidene, men personlig synst eg hausten e finast. Da e så utruli masse fine fargar og blad der.
I dag hadde eg eit ærend der. Eg skulle nemlig samla inn kastanjenøtter! Sist eg var der visste eg ikkje kor trea var, men idag hadde eg fått veta kva tre det var. Trur faktisk ikkje eg hadde fått plukka så mange sist heller, for no verka da som dei nett hadde dotte ner. Så no ligge dei til tørking, før dei ska bli brukt til dekorasjon.
Og så tullemor då, koste seg i bladhaugen! (les: va trøtt og ville ikkje gå meir...)