lørdag 21. november 2009

Så var vi igang...




I dag har vi starta julebaksten. Og på programmet sto Kakemenn! Det baker vi alltid tidlig, sånn at vi kan kose oss med dei heile førjulstida. (pepperkakene kjøper vi...) Så sidan far i huset skal reisa på kurs i måro, og mogeleg ut på jobb etter det, nytta vi på å gjere det ein regnfull lørdags ettermiddag!

Og for ein suksess!! Ungane var med heile tida, og han far gjorde ein kjempejobb. Mor sin jobb var å kjevle ut, medan dei trykte ut. Alt gjekk som smurt. Og da e kje kvardagskost her...Men no sit vi igjen med ein god følelse av ein super dag! Då e da godt å vere mor.

torsdag 19. november 2009

Jula starter i november...

I dag har det vore ei "minijulafta" her hos meg! Då eg kom heim frå ein hektisk dag på jobb, og vi alle 4 var vaksinerte mot "svineriet", så låg da ikkje mindre enn 3 blad og venta på meg!! Og eg elske blad!
Kamille og Rom 1-2-3, abbonere eg på, og jammen meg fekk eg ikkje eit GRATIS KK!!!!!!!!!!! Seie kje neitakk te sånt!

Og heldige meg har foreldre og storebror med gartneri (!) og julastjernene har vore i vekst sidan august (!). Så no kunne eg ikkje venta lenger. Da e finaste julablomen, synst eg!
Og for å toppa da heila, så har mi kjære veninne, Linda, vore på Frk.Lande og kjøpt sinkhus til meg! Tusen takk, kjære Pøne!! Sjå kor fint da blei! No sitte eg og nyte kvelden. Skal flytta meg bort til sofaen no, og lesa blad. Ha ein fin kveld, alle mine kjære venner!

onsdag 18. november 2009

Førjulskonkurranse

Sidan eg elskar førjulstida, kjem det til å komme litt julete innlegg frametter. Og i den forbindelse vil eg starte førjulstida med ein liten konkurranse! Alt du min kjære lesar treng å gjere, er å legge igjen ein hyggeleg kommentar med kva du likar best med førjulstida! Trekninga blir den 10. desember!

Premien er desse to skjønne marmeladekrukkene med lokk, og skjønn stoff-hette oppå! Sånne kjem eg til å ha ståande på kjøkkenet mitt frå fyrste helga i advent! Kanskje vil det komme noko innhald i desse og til den heldige vinnar! Så lukke te!