lørdag 5. juni 2010

Hus, hus, hus

Sidan vi no har solgt huset vårt, kan vi verkeleg sleppe draumane fri om kva hus vi skal bygge! Vi har bestilt inn dei fleste huskatalogane, så valget er mangfaldig.

Skal vi velge eit klassisk? Då vil mammo mi bli veldig glad!  Eller skal vi velge herskapeleg? Spørst om vi har råd til mat og drikke då.... Eller skal mannen få draumen sin om eit moderne hus??

Her ser de han sitje og bla, slå opp på nettet, rekne, teikne, ja, you name it!!! Men han veit ka han vil, da ska han ha!

I dag har vi hatt familieutflukt til SIM!! For dei som ikkje veit kva det er, så er det avfallslevering, der vi betale ein pen sum, og kan kvitte oss med alt!! Og det blir nok ikkje den siste turen dit. Eg måtte køyre ( med tilhengar.....) og mannen sat i baksetet. På grunn av at da lukta muffens av han i dag, fekk han berre komma fram ein gong......når vi måtte snu, igjen med tilhengar............... ( Lukta kom av ein litt fuktig kveld med gutta, for å avslutte Furtebua!!)


På turen stoppa vi ved eit hus i Herøysundet. Eg ser på det kvar dag eg køyre heim frå jobb, og i dag stoppa vi. Ut av bilen alle 4. Dei såg litt rart på oss, dei to som stod og mala....Men vi gjekk opp og spurte fint om vi kunne få sjå huset deira. Og det fekk vi. Trur dei synst det var litt stas!!! Og dei viste og forklarte. Og for eit hus. Dei store flotte romma, masse lys med store vindauger, høgt under taket. Oh my!

Huset var arkitekt teikna, og tilpassa deira behov. Veldi bra! Lure nesten på om eg må gå på besøk etter at dei har flytta inn og...?? Det gjensto litt arbeid, men pga transportstreiken var dei litt forsinka, men i løpet av sommaren håpa dei!!  Og så takka vi for oss, og køyrde heim....utan å presentere oss!!!!!!!!E da mulig? Så no lure dei sikkert på kven dei der rare folka var...............

torsdag 3. juni 2010

Snart bursdag!!!!!!!!

I dag har mammo mi og eg vore til Bergen. Fyrst var vi på Haukeland, der mamma skulle få svar på resultata etter operasjon i april. Og prøvane var heilt fine, ikkje nokon kreftceller i cystene. Å, kor letta vi blei.

Etterpå var det shopping. 50 % på alle varer på Bik Bok resulterte i nye basik-toppar...kan aldri få nok slike...Og ein del kle til dei to små kom oppi posane. Eg fleska te med ny buksa og cadigan på Bennetton!! Og til slutt, som vist på bilde over...fekk eg koffert av mamma til bursdagen!!! Jippi, bare 25 dagar igjen...................

tirsdag 1. juni 2010

Liljekonvall

Den vakraste blomen, synst no eg. Den er så uskuldig og rein!

Eg har teke inn alle eg hadde i bedet, for det er jo siste gang eg får nyte dei her. No er det ein månad til vi får huset vi skal leige, og to månadar til vi skal overlate huset til nye eigarar. Vi slapper av enda, men har byrja så smått med pakking. Og eg trur det blir nokre turar til SIM frametter!!

Vi nyter sola og sommaren om dagane. Ungane bada i går, brrrrrr seie no eg! Bessen spurte junior om han hadde hatt på seg strikkagensar eller badebuksa, då han fortalte det!! Kjempemorsomt synst han!