søndag 23. desember 2012

God jul


Med bilder frå mi julepynta stove,
vil eg ynskje alle følgarane mine 
ei riktig god jul.

(ja, eg ser at stjerna er skeiv....ler for meg sjølv.....)




Amaryllisen blømer som bestilt.


I morgon står det pinnakjøt på menyen,
med kålrabistappe og mandelpoteter.
Til dessert skal vi ha riskrem.
Min favoritt.



Stolane har vi teke ned i kjellaren,
saman med playstationèn til junior.
Eg vurdere å selga stolane egentlig,
dei passar liksom ikkje inn med det andre.
men så er dei  grådig gode å sitja i....
Valgets kval det der.


Trommelbordet fekk bli,
måtte jo ha noko å setja fruktfatet på...LOL...


ByNord pynten passa perfekt.


Ugle-pynten eg fekk av snilla mammo mi,
4 stykke.
Eg likar ugler,
og eg likar jula.
3 timar att på jobb,
så er det ferie.

Eg har kun baka 3 sortar, kokosbollane er snart oppetne,
og eg synst ikkje eg har handla inn så mykje som eg pleier.
Men eg har nok rikeleg,
og så skal vi jo rundt og få servert av andre det meste av juledagane likevel.

1. juledag skal eg gå i pysjen til langt på dag,
eta mykje og lesa blad.
Åhh kor eg gler meg.

Ha ei fortreffeleg jul alle saman.