søndag 29. november 2009

1. søndag i advent

Så var fyrste søndag i advent her. Og ei fin tid er framfor oss. i kveld har vi tent fyrste lyset i adventstaken min ( ny av året, kjøpt hos Boligfryd!! Tala ikkje heilt beine, men ka gjer vel det??) Bordet er nettopp rydda etter at vi har feira mannen sin bursdag! Har hatt familiebesøk, og ete nydeleg oreokaka, etter 4små si oppskrift! Takk for den!!

I går var vi på klubb hos Hilde og laga dørkransar og drakk vin...ein veldi kjekk tradisjon vi har med å laga dørkransar! Takk til Hilde og Reidunn for at vi klarte å halda på den i år og!

No er mannen reist på jobb i 14 dagar. Innstilt på da, så går da bra. Han kjeme heim i god tid før jul, og da e eg gla for.

No e da ei travel veka framfor oss, som blir avslutta med ein heidundrande 5 års dag på søndag!!
God adventstid alle mine kjære venner og lesarar! Husk konkurransen min!!!

3 kommentarer:

  1. Hei :)
    Kransen va kjempefin, so kjekk tradisjon då :)
    E jammen mange fine adventstakar rundt om i bloggane no :) Eg er ikkje so veldig fornøgd med min, men får prøve pynte den opp litt og kanskje kjøpe ny til neste år :)

    Håpe du får ei fin adventstid :)

    Klem M :)

    SvarSlett
  2. Forresten -eg e fortsatt anonym sjølv om eg gratulere deg med nydelige strømpe i lotteriet!! Vel fortjent! Endelig vinne du og litt ;-)

    SvarSlett