lørdag 31. mars 2012

Litt fleir enn eg trudde


Eg har brukt eit gratis teljesystem som heitter Sunset eitelleranna på bloggen. Har no eigentleg vore litt "skuffa" over at eg ikkje har hatt fleire sidevisningar enn den har vist, sidan så mange gjer meg tibakemelding på at dei les bloggen min fast.

40 000 besøk er ikkje lite, for all del. Men då eg lasta ned siste versjon av Blogger, gjekk eg innpå statistikk..... den viste 70 000 besøk! 30 000 fleir det. 

Så eg avslutta den på 40 000, som då ikkje har funka slik den skal (ja, eg kan ha gjort noko med innstillingane der, eventuelt kva den skal telje etc....)

Eg velger difor å bruke blogger sin frå no av. 

Syttitusen faktisk. Eg er stolt, takka vere dåke lesarane mine!! 

Takk alle saman for at de les og forhåpentlegvis likar bloggen min!



fredag 30. mars 2012

Påske


Så er den her.
Vår-ferien kunne den vel egentleg heitte. Vi har haustferie, vinterferie og sommarferie, kvifor ikkje vårferie? 


Sida eg hadde ein lang og god juleferie, mens dei andre på jobben måtte slite og jobbe,
er det vel på sin plass at eg tar litt ansvar no.
Og det er heilt greitt.


Sist helg var vi samla ein stor gjeng med mødre og born inne på småbruket "vårt". Småbrukaren serverte nydeleg betasuppe, og sola skinte frå ein skyfri himmel....er det ikkje alltid sol der inne?


Vi malte på egg, innvia trampoline-sesongen og spelte badmington.
Kven som var ivrigast på malinga skal eg ikkje komma innpå her, men det blei blåst utav mange egg, ja.


Imorgon ventar vi pappen heim med ny bil til meg. For alle nye bilar i huset er vel til meg?
Vel vel, tida vil vise :-)

God fredag til alle flotte lesarar!



torsdag 29. mars 2012

Putelykke


For ein fantastisk innflyttingspresang. 
Putelykke rett og slett.



Den er og mjuk, luktar godt, er god å ligge på, kjempefin og passar perfekt inn hos meg!

Det er snart helg og mannen kjeme heim. Eg håpar at vi skal bruke påsken på å få orden på alt som vi ikkje har fått orden på allerede. Mannen skal på Ikea ( ja, du ska da!!) og kjøpe det vi manglar. Vi skal skru og montere opp skap, slik at vi kan plassere det som ligg i esker framleis. 

Men egentlig.....så treng eg ikkje noko av det som framleis ligg nedpakka...sånn egentleg. 
Eg får sjå over det.
Ser at eg har meir enn mykje av alt.
( men det overskygge ikkje det faktum at han eg er gift med og har meir enn mykje av alt...)

Det vert vel bra til slutt!


onsdag 28. mars 2012

Og vinnarane er...


Vinnar av termokrus:   LENAPENAS-VERDEN



Vinnar av eggeholdarar: HUSMORDRONNINGA




Og trøstepremien går til: MONA GRØNNINGEN

Gratulere til alle vinnarane!

( Fint viss vinnarane sender meg adressa si på epost til solveig.hus@gmail.com, så sender eg gåvene i full fart!!)

Og tusen takk til Tilbords Husnes, som sponsa premiane!!

Til dåke som ikkje vant, fortvil ikkje....det kjem snart ny give away!!!


Siste frist i dag

Vil minne om siste frist for å melde seg på Give Awayen min, som de finn link til på sida her!

Den vert asvlutta kl 19 i kveld, og resultatet over kven som vinn, vil bli publisert like etterpå!

Lykke te!