tirsdag 7. oktober 2014

Oliventre innandørs

Oliventreet mitt har flytta innandørs.


Ute bles det mykje desse dagane, 
og oliventreet mitt bare veltar heile tida.
Det er fordi det er høgt,
og lett mottakeleg for vinden.


Eg la ut bilde på Instagram før i dag,
og fekk fleire spørsmål om 
"korleis få eit oliventre til å overleve inne?"

Og det er ikkje noko enkelt svar på det.
Kan alltids sei at ein må passe på med vatn,
dusje det med vatn innimellom etc,
men enkelt er det ikkje.

Eg fekk det ikkje til.


I vinter prøvte eg alle dei lure triksa,
men treet vart brunt og grått,
mista alle blada,
og såg heilt dødt ut.

Så eg var på vei til å kasta det.
Eg sette det ute, fordi det er ikkje bare bare å kasta 
eit stort tre....

Der stod det, i vind og regn.



Så kom våren, med sol og varme.
Treet stod der framleis.

Plutselig såg eg små klumpar på greinen.

I all verden

det var rett og slett nye skudd.

Så jammen meg, der kom det med flotte friske,
nye og grøne blad.


Så i sommar har det stått ute og pynta opp.

Eg gjer ikkje opp, eg skal prøve å ha det inne
ein vinter til.

Håpar eg får det betre til i år!

Men dersom vi får ein mildt vinter,
tåler dei å stå ute.

mandag 6. oktober 2014

Haustferie


Denne veka er det haustferie her hos oss,
og med to ungar i skulen,
mann på jobb i nordsjøen
og.....besteforeldre på ferie...

så var det rett og slett sånn at eg 
måtte ha haustferie i år.

Skikkelig dumt

eller veldi flott egentlig!



Haustlig utanfor inngangen vår og no.
Lilla lyng friskar opp innmellom alt det grå.


Alltid kjekt med litt nytt i Stringhylla mi.

Kalender frå Bloomingwille.
Så får vi sjå kor ofta deg vert "retta"....



I dag har vore bollebakedag,
lurer på kva vi skal finne på i morgon?

Eg skal iallefall sove lenge,
for begge dei små er på overnattingsbesøk,
og kjem ikkje heim før midt på dagen.

Ha ein fin haustferie ( viss du har)
du og!