lørdag 20. februar 2010

Lørdagskos

I dag har vore ein dagen-derpå for min del. Var på quiz på Gjesten ( Rosendal Turisthotell) og koste meg litt vel mykje med vin...

Så dagen idag starta ikkje bra, med ei mor med litt uggen følelse i kroppen og ein veldig febersjuk unge på 5 år. Så når tullemor har hatt da i 7 dagar, får broremann da sjølvsagt. Håpar da går fort øve, for da e ikkje kjekt å sjå gulla sine vera sjuke. Godt va da at tante Heidi kom med blad og drops då!!

Og når eg har sånne dagar, då ete eg heile dagen. Skjeva, sjokolade, chips (og når mannen kjøpte Super Chips, når eg hadde lyst på Maarud Paprika...ja, då veit du korleis humøret va...), smågodt, Tomogjerrykjeks, nøtter, cola, pizza og ellersaltsomegkunnefinnapåkjøkkenet...

Så no e eg kvalm...og fann ut eg sku vera litt sunn på tampen. Fruktsalat med nøtter ( eller Gløggmix som låg igjen etter jul!) og vaniljekesam e bare nam nam. Vatn i glaset sjølvsagt.
Heimalaga kokosbollar!! Sunt og veeeeldi godt. Ikkje spør korti eg laga dei :-D
Og mannen får øl sjølvsagt. Da e jo lørdag!

Kos dåke alle saman!

Ny hobby??

Eg sat i går og lurte på om eg sku få meg ein ny hobby? Hm, ka ska da vera? Eg e litt lei strikking....

så kanskje eg ska byrja å hekla? Sånne dorulldokker som vi kan ha på badet! Hm, kem kan læra meg det?

Nei, eg trur ikkje da. Eg trur eg helde fram med strikking, eg. Fekk bestilling på minst to par med tovatøfler i går, så da e bare å henga i!

onsdag 17. februar 2010

Puslespel

Golvpuslespel er tingen her i huset no. Vi kjøpte da te guten vår då han var ca 2 - 2,5 år. Og han har pusla da omtrent fram te no. Og no e da vetlajento som har øvetatt.


No har ho vore sjuk...igjen....hostar til ho kastar opp, og konstantert væske i øyrene...Ja, ja, men no er ho på betringens vei, heldigvis. Men ho blir heima imåro, og kanskje fredag og, for no må ho bli skikkeli frisk.
Heldig for meg er mannen sjukemeldt denne veka og, så eg slepp ta sjuk-barn-dag enda. Men idag har eg hatt fri, og eg og pasienten har leika med modellkitt, pusla og sett på kaptein Sabeltann!!
Eit hot-tips te dei som treng gåvetips til barn i 2-3 års alderen, så e golvpuslespel tingen. Store bitar og lett å pusle. Eit prosjekt for heile familien, kan vere!!

Ha ein fin onsdag!

søndag 14. februar 2010

Morsdag!!

I dag er ein stor dag! I går laga vi fastelavensris ved kjøkkenbordet! Da blei sånn som kakemannlaging ofte blir, alle er med i starten, mens mor og far sit igjen til slutt...og sånn blei da. Men vi hadde storproduksjon då, så både tante Solveig (tanta til mannen), onkel Terje og bestemor og bessen fekk!!

Og i dagmorges, fekk eg denne flotte trioen i morsdagsgåve! Gjett om eg blei glad?!? Heilt midt i blinken for meg. Og i valentinegåve fekk eg brente mandlar og div sjokolade i ein pose. Eg er ei lukkeleg mamma idag!
Seinare idag kjeme mine foreldre, storebror og svigerinne på komla. Etterpå blir da sjølvsagt fastelavensbollar til kaffi!!

Gratulere med dagen til alle mødre, og nyt kjærlighetsdagen!!