torsdag 19. mai 2011

Litt nedfor egentlig


Peoner er den vakraste blomen eg veit om. Eg hadde dei til pynt i bryllaupet mitt og. Vakkert.


Som i overskrifta, er eg egentlig litt nedfor no. 

For det fyrste har eg fått "kjink" i ryggen. Er difor heime frå jobb. Vondt å sitta, vondt å stå og vondt og ligga. Skal ut og gå litt snart, for å sjå om da hjelp.


Men mest tenker eg på at eg skal i gravferd i morgon. Til ei flott ung dama, som døde så alt for brått. Tankane mine går til familien, sambuar og 3 små born som må ta eit "siste farvel" med si kjære mamma og sambuar. Sånn skal det i teorien ikkje vere, men desverre har fleire opplevd liknande siste tida. 

Ta vare på alle rundt deg, ikkje heng deg opp i bagatellar, lev i dag, for vi veit ikkje kva morgondagen bringer.

Eg er ein ekspert på å henge meg opp i ting som ikkje er viktige. Eg og mannen hadde ein lang prat om dette "hin dagen", og det kjente eg var godt. Små utfordringar er bagatellar, hinder løyser seg som regel, og det ordnar seg. 

Det er dei små tinga som betyr noko her i livet.

Ein stor klem til alle i dag.

tirsdag 17. mai 2011

Hipp hipp hurra for 17. mai 2011


Familien klar for feiring.


Stolt fyrste klassing som bar klassen si fana eit godt stykke.


Tullemor i farta, saman med bestevennen hennas!

Is, brus, kaka og tog i Omvikedalen, koldtbod på fjordhotellet og avslutting med bursdagsfeiring av pappen min etterpå. Ein super dag. 

I måro skal eg jobba, til tross for at det er onsdag. Og her i huset skal det vere visning. Så viss du vil kjøpe hus i Håvardhaugveien (22), så kan du ta turen mellom 16-17 i måro 18. mai. Vi skal halde oss langt vekke, og nyte middag hos mamma.

mandag 16. mai 2011

Kom mai du skjønne....


7. mai var vi i konfirmasjon på Stord. Tullemor hadde på seg bunaden eg hadde som lita.


Blide og glade, far og dotter!


Ein gong pirat, alltid pirat...og med bunad og "lapp på auga".


Tullemor blei fornerma og snudde ryggen til då eg skulle ta sysken bilde. Ho er ikkje sta den tøtta der, åh neida!


Skål tante Bente!


Onkel Rune lærte dei små å spela golf. Bare vent, om nokre år slår dei deg i ekte golf!


Den perfekte golf-stil.

Og ho andra der sa sjølvsagt: " jammen da va jo min tur!" Tenke dåke kan sjå det av uttrykket.

Så vil eg ynskje dåke alle ein flott 17.mai i morgon. Eg er ikkje heilt klar, men da kjem seg vel etterkvart!