onsdag 6. juli 2016

Sommarferie og sånt

Kalendaren viser juli måndad, 
eg har fylt år igjen,
årets "pause" frå jobb og kvardager i gang,
og det vi kallar sommar ser ut som det skal bli av det 
våte og kalde slaget,
i år og.



Men som dei nordbaggar vi er,
så pakkar vi ikkje vekk ull eller fleece, og 
goretex er på når vi legg ut på tur.

Eg var litt opptimistisk i mai, 
og kjøpte faktisk to solkremmar og ny bikini.

Tabbe. 


I går skein sola inn på kjøkkenet mitt ei lita stund,
og eg sprang ut i bikini og shorts.
Sprang inn igjen når sola forsvann bak mørke skyer,
ut igjen når den var framme.
Fekk god trim og litt D-vitamin på naso.


I fjor bestemte vi oss for å kle inn altanen, 
bygge hagestove.
Sånn at det er mogeleg å vere ute, sjølv om det regnar der.
Hagestova er ferdig ( nesten....) og på fredag hentar vi heim
nye møblar som skal vere der. Gler meg til å vise.
Er det eigentleg nokon som ikkje har uteplass
med tak og/eller veggar? 
Med dei somrane vi har her, er det jo heilt nødvendig.
Synd, men realitet.




Vel, uansett.
Pause frå kvardagen er bra det.

No har eg fått god tid til å pusse litt støv,
rydde i skuffer og skap, kaste masse tull,
bake litt og eg har fått gått på fleire fjelltoppar 
saman med gode vener.

Kvardagsgleder har eg mange av,
det er bare å dra dei fram når kvardagen 
ikkje er så gøy.

For kvardagar har vi flest av,
vi må bare fylle dei med ting vi likar.

Været kan vi ikkje gjere noko med,
i år heller.
Så difor drikker eg litt vin,
ser på EM semifinale,
bloggar etter gamalt,
og faktisk strikkar litt.




Heldigvis kosar eg meg veldig heime,
og huset mitt er eg framleis veldig nøgd med,
eg blir ikkje lei.

Og til neste år bestiller vi syden tur.