torsdag 17. oktober 2013

Tid for lerk


Når hausten kjem, skiftar dei fleste litt på interiøret og.
Det lette og lyse, vert ofte bytta ut med det litt "tyngre" og haustlege.
Stearinlysa vert tent
og vi fyrer opp i peisen.

og så kjem lerka inn i huset.


Heldige oss som har sånne tre rundt oss overalt,
bare vi ser etter.

Av ein eller anna grunn,
så har eg eit spesielt auge for desse trea.
(eg veit kor Kalas Mystiske Hjørne kan finne i Førde og)

Nokon tar vare på dei frå år til år,
eg hiv det og finn meg nye.

Desse er funne på veg ned frå Skålafjellet.


Ei fin grein oppi ein gamal vinballong

så enkelt og så stilig

Den gamle krakken passar så godt inn i lag med dette.


Går det an å sei at ein er "så glad i gangen sin"??
Eg er det nemlig det,
er veldig fornøyd.



No har eg pakka "weekend-vesko" mi,
og er klar for jentetur til storbyen Bergen.

Vi skal nemlig på Bolig - og interiørmessa i Grieghallen.


Vi skal kose oss max. 
Med pengar på konto skal vi ete,
drikke og shoppe oss i riktig så godt humør!!

Goda helgo til dåke alle.