lørdag 14. august 2010

Snickers kaka!!

Til bryllaupeet eg skal i dag, har eg baka to kaker. Blandt anna denne knallgode snickerskaka!

Her er det du treng!

3 eggekviter            Pisk halvstivt
3 dl sukker           Tilsett litt og litt 

1 1/2 dl peanøtter og
ca 20 Ritz kjeks   Knus i foodprosessor etc.

Bland forsiktig saman. Ha i smurt form ca 24 cm. Steik på 175 grader i ca 30 minutt, midt i ovnen.

Ta ut og avkjøl.

Ta botnen forsiktig over på kakefat. Mi blei litt "kræsja", men det dekkar eg med pynten.

Pisk 3 dl kremfløyte med 2 ts sukker. Fordel på den avkjølte botnen.

Smelt 100 gram melkesjokolade, 60 gram smør/margarin, 2 ts kaffi. ( Eg gjer det i microen, men ellers i vannbad!) Ver nøye på måla!!

Pisk 3 eggeplommer saman med 3 ts sukker til eggidosis.

Hell sjokoladesausen forsiktig oppi eggidosisen, og bland dette. Hell det over kremen, forsiktig. Pynt med peanøtter og set til avkjøling!

Nyt den!!

fredag 13. august 2010

ka skjer???

I går då eg var ute i hagen i sol og 22 grader, oppdaga eg dette på graset! Så då er det eit faktum. Hausten er på veg...

Men vi må bare nye det som er, vi kan ikkje velge vær eller årstid sjølv. I dag høljar det ned her. Men dei har lova betre vær dei neste dagane. Håpar at det vert opplett i morgon, for brudeparet sin del. Eg skal nemli i bryllaup i morgon. det blir veldi kjekt. Så no er siste finpuss i gang, kva tilbehør skal eg ha, veske, øyradobbar etc. Og eina kako er klar, så då er det berre ei igjen!!

Nyt fredagen sjølv om det regnar. Eg er heima med to snart skulegutar i dag!!

torsdag 12. august 2010

Oliventreet mitt!



Til bursdagen min fekk eg dette oliventreet!

Eg synst det er veldi fint, og dekorativt.


Men eg lurer på om det kjem oliven vi kan ete på desse trea?? Nokon som veit det?

Og til dei som kunne tenke seg eitt, så sel dei på Bo Grønt Fredheim Gartneri i Rosendal til kr 249,- (dei er litt midre enn detta!) 

mandag 9. august 2010

Velkommen inn!

Opp ei trapp og inn ei dør... No skal de få komme inn på rommet til mi vesle jente. Ho hadde sånn ca 3 kvadradmeter rom før, og er sånn ca kommen til "himmelen" no!!

Faren held på å male ny seng til henne (skyveseng som broren, eg og bessen har hatt!). Men det tek visst si tid. Så inntil vidare, søv ho i sprinkelsenga.

I sist utgave av Sabeltann bladet (som ho sikkert har alle utgavene av!) fekk vi Wall-stickers av Sabeltann og Langemann. Perfekt! Hylle frå Bohus, lampe frå Ikea og gjengen frå Hundremeterskogen.

Denna jento har det ho treng. Dukkevogn, dukker, dukkevogge, duplo i alle fasongar, bøker og det som ei jenta på 2,5 år ynskjer.

I kjøkken/kafe avdelinga, er det fint dekka på. Ho serverer ofte middag, og det må visst steike i ovnen mange ganger før det kan serverast...og kaffien, ja den er i springen på kjøkkenet. Må sei ho er oppfinnsom, i mangel av kaffikanno som blei knust. Kjøkkenet kjøpte vi på loppemarked for 50 kr, då junior var 3 år. Og begge to har leika mykje med det.


Så her er det bare å setje seg ned, og la husfrua servere!!

Stem på Christine


Stem på Christine ved å trykke her.

Og det beste av alt er at DU kan vinne 9999kr og!!!