lørdag 8. november 2014

Bare tilsett anledning


"Bare tilsett anledning" er tema for NIB si utfordring denne månaden.

Denne utfordringa er i samarbeid med Diplom Is,
og eg tenker at is bør få lov å vere med i denne utfordringa.

Eg er nett som ungane,
is er godt.
I ferien (skuleferien på 2 mnd) har vi IKD
IsKvarDag

Favorittisen min er Banansplitt.
Vi snakkar stor porsjon med alt på!!



søndag 2. november 2014

Familietid

Familien min er min favoritt,
og tida saman er uvurderlig.


Joda, eg kan blir frustrert over krangling,
tette øyrer, skitne fingrar overalt,
syting og klaging,
men alt i alt, så er vi best!!





Tullemor og eg.

Fyrste søndagen på lenge,
saman alle 4 på tur.




Tullemor vil som regel ha med eigen sekk,
oppi den puttar ho det mest utrulege,
og klagar aldri på at ho må bere den sjølv.

I dag var hamsteret med,
og det prata og maste nedi sekken. 
Veldi glad når det fekk springe avgårde når vi kom heim.

(batteridreve leiketøy alltså!!)


Vi bur så godt som i skogen, og har laga oss ei lita "tarzanhule"
med slengdisser like borti her.
Obligatorisk stopp på turen.


Ganske fin når ho er i godlag denne jenta her.


Flott kar, han her og!


Ikkje lett å vere kamuflert under gøym-og-leita
i dette antrekket....
vart funnen fyrst....



Flott skog og turområde,
like utanfor døra vår.



Hausten er på hell,
og vinteren kjem vel snart.

Vi er allerede i november, 
og vi førebur oss til jul og førjulstida.