torsdag 2. oktober 2014

Haustlig på kjøkkenet


Kalendaren viser oktober,
og det kan stemme når eg ser ut vindauga.

Flotte fargar på tre og buskar,
kaldare i lufta og mørkare om kveldane.



I går kveld var det skikkeleg hufse ute, 
med regn og mørke.

Eg og ungane rigga os til inne,
og eg kosa meg med nytt Kamille.


Haustmote både i kle og interiør,
kva er det vi "må ha" denne hausten?


Egentlig er det ikkje så mykje eg må ha,
men det er mykje eg godt kunne tenkt meg.

Eg får byrje på ønskeliste til jul....

Nye barkrakkar frå Hay står nok høgt på lista,
ingen tvil om at dei ville ha passa betre inn.

Men eg treng eit godt tips til å få vekk flekkar 
på Hay stolane mine, og då særleg svarte fingermerker.
Når ungane gjer lekser, får flyantmerke på fingarne og så 
på stolane....så får eg ikkje merka vekk.

Dette er ganske frustrerande...


Ryddig og fint på disken,
og nymøblering i Stringhylla,
eg elskar kjøkkenet mitt!

Fin haustkveld til alle.

Vi ladar opp til ei veke med haustferie