lørdag 4. juni 2011

Mini hamburger


I familien vår blir ofte vanlege hamburgerar for store for små magar. I fjor (trur eg) lanserte Rema 1000 minihamburgerar, eller sliders som han der grillkongen Craig Whitson seier. Og i år har dei fleire variantar, for ein kvar smak, laks, kylling og vanleg storfe.


Det som gjere meg kvalm, eg dei e-stoff brøda vi liksom skal ha til. Kvalmare greie skal eg leite langt etter... Og kanskje mest fordi ein gang eg kjøpte var dei mygla, lenge før haldbarhetsdatoen gjekk ut.


Eg bakar difor heller desse brøda sjølv ( når eg har tid..) og dei smakar mykje betre. Planen var at dette bildet skulle gjere slik at eg slapp å skrive ned oppskrifta...


...godt eg hadde detta bildet og!





Blei bare eit før-steike-bilde, sidan dei glei ner på høgkant etter dei var nysteikte.

No er forhåpentlegvis sommaren komt til oss! Mens eg kun tenke på kva eg skal pakka for 14 dagar på Mallorca...

fredag 3. juni 2011

Cupcakes


"Solveig prøver ting ho ikkje har gjort før".

I dag var planen å bake cupcakes, og det vart gjort. Dei vart svært søte på smak, til og med ungane synst dei vart for søte.


Men lekre blei dei. Kusine Mette var på prøvesmaking og ho godkjente dei. 


Dette vart fyrste prøveprosjektet. denne gangen brukte eg frosting med melis, smør og melk. Neste gang skal eg lage med kremost, for då håpe eg den ikkje vert så søt på smak.

I dag står bollar og ostehorn på programmet. Eg er ikkje heilt i form, med snørr og litt feber. Liker ikkje det når vi har langhelg med fri. 

torsdag 2. juni 2011

Frustrert frue

I dag er eg som ei av dei frustrerte fruene. Men ikkje fordi eg er frustrert på nokon som helst måte...

...men fordi eg har vunne eit valgfritt par av desse Gloveables frå Beautycompaniet! Og dei har blitt kjent fordi dei frustrerte fruene og brukar desse! Eg har sjølvsagt valgt eit par i rosa med rosemønster!



Konkuransen var på bloggen til Tips og inspirasjon til hjemmet. Klikk her for å komme til facebook sida deira, og her for å komme til bloggen.

Gler meg til å vere den mest trendy husmora snart!

onsdag 1. juni 2011

Huset vi bur i




Det har vore lite å blogge om herifrå i det siste. Travle dagar, regn ute, ein litt redusert mann, frustrasjon over ting eg ikkje kan gjere noko med og enda meir frustrasjon over noko eg faktisk kan gjere noko med..... men vi har det ellers bra alle fire. I dag har mannen og junior vore heime pga planleggingsdag på skulen. Og resultatet var oppslått telt i loftstova, som gulla sjølvsagt skal sove i natt!

Eg har jobba på fridagen, for å ta fri på fredag når begge gullo har planleggingsdag.


Viser dåke bilda som ligg ute på finn.no frå huset vi leiger. Det skal selgast, men etter 2 visningar er det framleis ikkje solgt. (trur ikkje det har med interiøet til leigebuarane å gjere...eller?)







Heilt ok hus, men eg gler meg mest til å flytte inn i vårt eige. 

Viss du vil sjå heile annonsa på finn, klikk her.


søndag 29. mai 2011

Scandinavian Surface


Eg har litt sansen for Scandinavian Surface sine veggpanel. Stor sannsynleghet for at ei slik får plass i huset mitt. Klikk her for å sjå.



Eller som tapet? nei, det trur eg blir litt voldsomt. Men veggpanela er som ein wallstickers, som eg trur eg kan ta av viss eg vil? Må sjekke litt meir opp i det.





Eller som små bilder over sofaen.

Her er det dagen derpå....ho mor var ute og "lufta seg litt" i går kveld. Sov til 11.30....korti gjorde eg da sist?? Så dagen i dag har vore ganske så bra. No ventar ein tur til Aterstad, skal bare sjå om regnet lettar snart...