onsdag 19. februar 2014

Har eg Norges finaste kosekrok?

Favorittbladet mitt Kamille utlyste like etter jul
ein konkurranse på Instagram,
"Har du Norges finaste kosekrok?"

Eg elske konkurransar,
og sendte inn mitt bidrag.


For to veker sidan fekk eg vite at mitt bildet var 
trekt ut til finalen!

Du kan tru jubelen sto i taket.

I går kom bladet i posten,
og no kan alle som vil stemma på det bildet dei likar best.
Uansett er det kult bare å bli trekt ut,
blandt nesten 200 bidrag.

Jiiiihaaaaaa




Eg håper sjølvsagt at du liker mitt bidrag og har lyst å gje meg ei stemme.

Send KAMKROK5 til 2205 
(1 kr)



Kosekroken min har flytta seg litt, 
men Acapulco-stolen er med.
Eg kosar meg mykje,
og elske å laga det fint rundt meg.


Kamille er alltid med,
eit blad eg aldri vert lei av.

Påskeliljer?

Ja, løkblomar er og ein  favoritt
og med ein gong dei kom inn i varmen,
så blømte dei.

Vårfølelse deluxe.







søndag 16. februar 2014

Galleriplass hos NIB


For aller fyrste gong,
vart mitt bilde valgt ut av dei flotte damene 
i Norske interiørbloggere,
til å pryde galleriplass etter ei utfordring.

"Tapetinspirasjon"

Det er så gøy og veldi stort for meg!

Sjølvsagt er eg jo med på utfordringane 
med eit håp om å vinne,
eller komme på galleriplass!

Eg var veldi fornøyd med dette bildet,
og når det får pryde galleriet
  gjer det meg meir inspirasjon til å delta fleire gonger!
Det gjer meg og inspirasjon til ta bilder og blogge meir.

Viss du vil sjå mitt og fleire flotte bidrag,'
kan du klikke deg inn her.

Tusen takk!