lørdag 21. juli 2012

Før og etter

Før festen


Etter festen


Eg måtte bare.

Lørdag i dag, og då må vi kosa oss litt ekstra. 
Sjølv om det blir mykje kos ellers i ferien og.

I dag hadde vi filmkveld, og såg Shrek 3 for ente gong, men like bra.

Det regnar ute.
Meldingane seier regn neste veke og.
Ja, ja, dagane går no, men kreativiteten vert sett på prøve for å halde oss i gang.

Finns ikkje dårleg vær, bare dårlege klær!



onsdag 18. juli 2012

Kveldskos


Sist veke hadde vi besøk av svoger, svigerinne og nevø.
Veldig kjekt med besøk.
Iallefall for oss.
Vi set veldig pris på at dei ville komme, og spesielt at vi fekk bli kjent med skjønnaste nevø på 3 år.
Han vart fødd, for tidleg, dagen etter bryllaupet vårt. 
Kjem alltid til å hugse bursdagen hans.


Desse skjønne lyktene hadde svigerinna mi hekla til meg.

Dei er kjempefine, tusen takk !!

Til hausten skal eg intensivere heklingstreninga mi og. Er jo så mykje fint å hekle.

I dag reiste mannen på jobb. 
Eg og dei to små gjekk på stranda etterpå. 
Der var vi heilt aleine, leeenge.
Eg trudde alle andre og kasta det dei hadde og gjekk til sjøen i dag når sola endeleg kom fram!
Men men, håpar på like fint i morgon og!

I morgon skal eg på bursdagspresangen min: 
konsert med Susanne Sundfør på Baroniet, 
saman med gode veninner!

mandag 16. juli 2012

Halv-vegs


To veker ferie er over.
To veker ferie igjen.
Fantastisk deilig.

Eg har eit prinsipp om ikkje å ha på meg langbukse i ferien.
Det er litt vanskeleg når det er 12 grader ute, men eg helde ut!!


Pusur og Tiger flytta inn hos oss i går. 
Familie på 4 vart brått familie på 6.
Det ser ut som dei har funne seg tilrette, og søv godt!!


Været er ikkje noko å skryte av, men sidan det var regnboge i går må det har vore eit innslag av sol.

Eg har bestemt meg for at vi skal ha gode dagar, sjølv om været ikkje er med oss. I dag har eg difor hatt meg ein lang dusj med innlagt peeling, shaving og hårkur.
Eg har redd opp alle sengene.
Sett på ei maskin til med klær, for korgene vert ikkje tomme uansett kor mykje eg ynskjer det.
Eg har teke på meg ein knallrosa topp, og kortbuksa sjølvsagt.
Eg kosar meg med kaffi og god lunk i stova.

No nyter vi dei siste dagane før mannen byrjar på jobbperiode.


For som vi alle veit: over skyene er himmelen alltid blå!