søndag 26. april 2015

Monstera

Grøne planter har tatt sin plass i interiøret.


Alt frå kaktusar, succulentar, ficus, monstera (som min) 
og til og med Yucca-palme er i vinden som aldri før.

Eg har mi fortid i gartneri og blomabutikk.
Då eg var lita dreiv mammo mi blomebutikk,
og bestemor mi utsalet i gartneriet.

Eg fekk tidleg vere med, setje mine eigne avleggarar
og selge dei når dei vart store.
Eg var svært stolt då pengane klirra i kassen.

Difor ler eg litt når mine barndoms grønplanter frå drivhuset til besto
er sååå poppis!


At denne planta heitte Monstera,
var nytt for meg.
Er det ikkje paraplyplante, liksom?


Planter har sin plass i mitt hus.
Eg kunne tenkt meg å ha mange fleir, 
men dei skal passast på,
vatnast og snakkast med.

Tida strekk ikkje til fleire.


Ein søndag er over,
og vi lader opp til ny veke!