fredag 21. januar 2011

Ferie 2011


Sommaren 2011 tar vi turen til Mallorca. Vi skal bu på Sunwing Resort og Spa Alcudia, og kosa oss maksimalt!!

Nokon tenker nok, skal ikkje dei der bygga hus i år? Joda, det skal vi og. Men vi er veldig enige om at ferie må vi ha, og då reiser vi vekk og er sikra å gå i shorts kvar dag!


Vi skal vere vekke på bursdagen min ( men den blir feira når eg kjem heim att og. Lure med ikkje unna feiring, eg nei!!) og kva passar vel betre enn å bu på eit hotell med Spa tilbud då?? Så kjære, du veit kva eg ynskjer meg!



Vi har aldri vore vekke to veker på ferie før ( joda, eg har vore, med mine 7 veninner på Dominikanske Republikk i 2000!!) og det blir spanande å prøve. At ungane kjem til å ha svømmehud mellom tærna er vel heilt sikkert!




I dag kom min kjære plutselig heim att. Jobben han skulle på vart det ikkje noko av. Både eg og ungane likar sånne hyggelege overraskingar på ein fredag. Og vi skal nyte å ha han heime til søndag morgon, då han skal avgårde att.

God fredag!

onsdag 19. januar 2011

Og her kjem svaret!

Ingen fuglaskremsel, men støvletthaldar!! Og fleire tippa rett. Imonert!

Har vore på ein super temakveld med tema "Resirkulert". Mange tips til gjenbruk. Så mamma treng ikkje føla seg trygg, ho bør ha hengelås på skåpa sine frametter!!

Kva er dette?

No, kjære bloggevener, vil eg gjerne finne ut om de veit kva dette er? Jada, det er ein katt, men kva kan denne katten nyttast til??

Eg er spent på forslag! Svaret vil de få i kveld, etter at eg har vore i Dalheim og høyrt på to inspirerande damer som skal snakke om "Resirkulert". Gler meg. Kanskje kjem det eit blogginnlegg om det og....skal sjekke batteriet på kamera!!

Ned 2 buksestr på ein månad?


Bilde er lånt frå nrk Puls!

Har du fulgt med på Puls på Nrk 1 måndagar kl 19,45??

Det har eg. Der er Yngvar og gjer tips til trening og kosthold. Og dette er eit opplegg som kven som hels kan klare. Det er lagt opp til at ein ikkje skal måtta betale mykje pengar på treningstudio. På måndag viste han ein styrkeøvelse du kan gjere heime på golvet, og vekta du kan bruke var......ei jerngryte!! Og det har mange i skåpet sitt!

Gå inn her http://www.nrk.no/helse-forbruk-og-livsstil/1.7426599 viss du vil sjå på dette!

Min kjære har skreve ut vekeplanen til Yngvar, som heng på kjøleskåpet vårt. I dag skal eg krysse av på kvardagsmosjon, då eg har gått ein 45 min tur! I morgon kan eg krysse av på langøkt, då eg skal på spinning. Så har eg styrke og intervall igjen. Det skal eg klare!!

Yngvar har mange tips i høve kosthold og:
- bytt ut vanleg pasta med fullkornspasta
- bytt ut kjøttdeig med karbonadedeig
- lag ein grønn salat til middagen
- ha alltid grønsaker til middagen
- et godis om lørdagen
- og eit godt tips er å ete 5 gonger om dagen!!

Så, for dei som ynskjer det, er det bare å setje i gang!

tirsdag 18. januar 2011

Lurt?


Sjå kor ekta den ser ut! Stili.

mandag 17. januar 2011

Huset vårt!


Like etter nyttår, fekk vi telefon om at vi hadde fått godkjent søknaden vår, og har no fått igangsetjingsløyve!!

6 mnd og ca 2000 timar ved datamaskina, er dette resultatet vårt!

Vi har fått dei fleste ynskja våre oppfylt, men det kan endo kome endringar.

Vegen inn til tomta, kjem på oppsida av huset. Hovudinngangen vert i 2. etasje. Her vert det gang, "skitteninngang", stove, kjøkken, tv-stove, bad og eit soverom/kontor. Ned trappa vert det ei open løysing for kjellarstove og gang, 3 soverom, Walk-in-closet til meg (!), stort bad, vaskerom og teknisk rom.

Eg kan nesten ikkje vente!

søndag 16. januar 2011

Bonytt

 I går fekk eg heile 2010 kolleksjonen av Bonytta av Krølle!! Ho hadde sett seg mett på dei, no er det min tur!!
 Det er sånn for oss husbyggarar, kan vi eigentleg få nok inspirasjon??
Eg skulle laga meg ei scrap-bok med tips/idear/tankar/inspirasjon til det nye huset. Eg har jaffal kjøpt boko...

I tillegg abonnere eg på Rom 1-2-3, Elle Interiør ( har sagt da opp no!) og Boligdrøm. Bolig Pluss les eg hos Hilde!  Kva interiørblad likar du best å lese?
 I går, då eg og tullemor var i Rosendal, handla eg med meg eit par ting heim. Svak rosa tulipanar i Iitala vasen min. Nydeleg!
 Lysa kjøpte eg på Stemning sist helg, utan å eigentleg ha eit bruksområde til dei. I veka har eg gått og tenkt på at eg ville ha meg to lyskuplar av eit eller anna slag. Ikea har fleire slike enkle, men eg skulle ikkje til Ikea på ei stund enda...Kva er vel då betre enn å ta turen innom "familiebedrifta"?? Fredheim Blomster har da veit du! Dette er eigentleg to vasar. Lysa passa perfekt oppi, og eg hadde lyskuplane mine!
På Stemning fann eg desse stilige lilla hjerta, til å legge rundt omkring som dekor. Eg har andre sølvhjerter eg skal pynte i lag med, men eg er redd dei for i lag med julapynten på kottet. Så eg må ta ein tur opp dit!

Fyrstikkeskene har eg laga sjølv!!

Her er det søndagmodus og fotokurs!! ( Eg er ikkje nøgd med bildene eg tar, så mannan skal prøve å lære meg litt!)