onsdag 20. januar 2010

Tulipanar

Eg er veldi glad i våren. Trur det er den årstida eg likar best, og som eg har det best med meg sjølv i. Då blir da lysare for kvar dag, snø og frost blir erstatta med plussgrader og varme i sola. Eg kan byrje å gå tur i skogen og fjellet igjen, og eg kan gå etter at ungane har lagt seg, utan å bruke lykt!

Da å sjå at da blir grønare rundt seg, og blomar på bakken kjem fram( fyrst snøklokker, så krokus og påskeliljer osv. ) Og at vi kan ha primula og tulipanar inne!!
Heilt fram til og med i fjor, produserte pappen min tulipanar i gartneriet. Eg kunne frotse i tulipanar, frå før jul, og fram til påske. Ny bukett klar, når den gamle var visna....Og da va eg veldi takknemlig for, for da e ein av dei finaste blomane eg veit.

Men kva skjer?

Pappen min slutta å produsere, og eg må kjøpe tulipanane som alle andre....Nedtur...men då veit eg kanskje å ta betre vare på dei for kvar gong, for før lot eg dei stå i stova heile tida, men no skal eg jammen meg setje dei kaldt kvar natt, så varer dei lenger! For eg har jo betalte dei sjølv...

Men eg e veldi takknemlig for at pappen min er gartnar likavel, for snart kjeme våren og sommaren, og då kjeme alle sommarplantene, som eg e nesten lika gla i....