tirsdag 19. juli 2011

Blåbær


Når da står pannekaker på menyen, er blåbærsyltetøy obligatorisk. Og å kunne plukke det sjølv like utanfor huset, er som ein draum.


Tullemor og eg gjekk ein liten tur på blåbærplukking i dag, og fekk med oss nok til ei stor skål med nyrørte blåbær. Strø litt sukker på, og knepp dei med ein gaffel.


Pannekaker med bacon og blåbær er noko av det beste eg veit.


Her er junior sin måte og ete det på, pannekake med sukker og syltetøy.

Eg hadde ein dag på jobb, før tullemor kasta opp i går kveld. Har vore heime i dag, og fridag i morgon.     Kjenner at eg er klar for å jobbe litt no, men sånn er det bare. I kveld byrjar Grey`s igjen, og eg skal vere klar i sofaen. Gler meg.

søndag 17. juli 2011

Ferien er over


Siste dag av ferien i dag, og den vart avslutta med grilling i fjæra på Lyngstrand.




Ungane åt som om dei aldri hadde ete før, og til slutt trur eg dei kosa seg....


Vi har vore kallheldige med ferien vår. Fyrst 14 dagar med sol på Mallorca, så ei veke med varmt og ok vær, 2 dagar med regn og avslutta med 4 dagar med knallvær og strandliv. Eg skal ikkje klage over været i min ferie iallefall!


20 grader i sjøen er bra for ungane, og junior hoppa og stupte omtrent lika mykje i sjøen som han gjorde i bassenget i syden.


Stranda i Røynholm er så god som sydenstranda og vi diggar å vere der.


Tullemor er nøgd med sandslottet sitt.

Så i måro er det levering i barnehage, og køyring på jobb att. Junior har ferie nokre veker til, og skal vere litt rundtomkring denne veka. Fyrst ut er overnatting hos favorittonkelen.

God ferie vidare til alle som byrjar no, og til alle andre vil eg ynskje ei god veke!!