Innimellom pakking og ferie, har eg vore flittig med malekosten. Siste ferdige prosjekt er salongbordet.
For dei som har kjent mannen min lenge, kjenner nok igjen dette bordet.
Det har fulgt han nokre år før eg kom "inn i bildet". Trur det har vore med på mang ein fest, og har hatt både svimerker og glass og flaskemerker. Ja, sånn e da med unkarsfestar.
Det var eit furubord opprinneleg, så beisa og lakka, og no er det malt kvitt.
Eg nyter å vere ferdig med maleprosjekta for denne gangen, og synet av mitt nye bord. Vi har vore 2 lange og flotte dagar på badestranda no. Ungane badar like mykje her som på Mallorca, til tross for at her berre er 18-19 grader i vatnet. Og det var godt å få friska opp brunfargen litt. 3 dagar igjen no, så er det jobb igjen.....