lørdag 31. august 2013

Mi ønskeliste


"Har en drøm" har ein give away no, med ein premie eg gjerne skulle hatt.
Gåvekort på heile 1000 kr i nettbutikken Ruth og Rudolf.

Her er mi ynskjelista iallefall.

fredag 30. august 2013

Haust


Hausten kan vere vakker,
det er bare å finne det vakre og gjere det enda flottare.

Rognebær i Omaggio.



Kontrastar.

Raudt
Grønt
Svart
Kvitt


Mykje rognebær

skal vere eit teikn på at det kjem mykje snø.


Det er fredag og helg,
den beste dagen i veka.

Imåro skal eg øve til den fina øyo,
møta ei av dei beste som bur der
og handla på den fine butikken der.




torsdag 29. august 2013

Husmortips


I dag kjem eg med eit ekte husmortips,
eit sånt som gjere kvardagen enklare,
og samvittigheten betre!

Mølleren har mange gode brød, som du bakar på 1-2-3.

Ta 1,5 pakke, ha i 1 pk tørrgjær,
ha det i Kenwooden eller liknande,
ha i 7,5 dl lunka vatn, litt olje,
og kjør maskina i gang.

La dette skje mens du for eksempel drikk ein kopp kaffi og les eit interiørblad.

La deigen vere litt klissete.

Fordel deigen i to brødformerformer.



Set dei til heving under eit kjøkkenhandkle,
eller ein plastpose, i ca 1 time.


Steik brøda på nederste rille i ovnen,
200 grader i ca 40 min.


Så har du heimalaga, nysteikt brød til kvelds og niste.

Ungane blir kjempehappy, 
dei i barnehagen synst du er ei flott husmor som til og med bakar brøda sjølv !!!

Samvittigheten din blir såååå god,
og kva er vel betre enn nysteikt brød med Hapå???

(Nytt på å kjøpe sånne brødpakkar når dei er på 10 kr tilbud,
du sparar mykje på det!)