torsdag 12. juli 2012

Laga sjølv


Til bursdagen ynskte eg meg ei lyslenke.
Eg fekk mykje anna fint istaden.



Så no har eg laga ei sjølv.

Ja, du leste rett: eg har laga den sjølv. 

Iallefall litt.


I ein butikk i Billund solgte dei lause "ballar" og lyslenke.
Eg kunne difor velge blandt 15 ulike fargar, og designe lenka sjølv.



Eit lite klypp


putt lyset inni


og vips


ei flott lyslenke.

Den er ikkje laga for utendørs bruk, men eg kjem nok til å ha den ute på fine sommarkveldar.

Som ikveld.

Litt vin i glaset, og ferie...

Då er det ikkje så viktig om det er sol eller ikkje.


tirsdag 10. juli 2012

Mmmmmmm


Like etter frukost tok eg og tullemor oss ein tur på butikken. 
Eg visste at dei skulle få inn nye jordbær i dag, og planen var å sikre oss vinterens rasjon.
Før hadde pappa ein diiiger jordbæråker, der vi kunne fråtsa i jordbær. Vi hadde jordbær heila året og vel så da. Mamma laga til og med jordbærsaft. Nam.
Men dei siste åra har ikkje åkeren vore så stor, synd.

Bra butikken har då!



Min gode hjelpar.


Vi fryse heile bær, slik at vi har til smootie i vinter.


Desserten klar.


Et så mykje du vil.


Og rørt syltetøy på vei i frysen.
Som de ser er gjenbruk ein del av vår kvardag.
Besto mi lærte meg å bruke rømmebeger til å fryse syltetøy og andre bær i, og no hadde eg teke vare på nokon som kom til nytte!

Skoddo ligge tjukt, så i dag skal vi plukka stein og gjere klart til å så plen.

mandag 9. juli 2012

Ferie med eit snev av shopping


No er vi heima igjen, etter ei veka i Billund, Danmark.
Vi har budd på Lalandia i Billund, rett over vegen til Legoland, 
som var det store målet for ferien.
Ein super stad å vere med to born som er aktive, 
og som det må "skje noko" med store deler av tida.



I tillegg er der shoppingmuligheter for ei mamma som likar å handle kle og interiør.
Dansk design er jo i verdensklassen spør du meg.


Likevel kom eg heim med svensk design. 
Triplets frå KG Design.


Denne butikken låg for seg sjølv, litt sånn i audemarka, men svært godt synleg frå vegen. 


Her kunne eg gått og kosa meg i timasvis.
Muuto, ByNord, Vipp, Arne Jacobsen, Louis Poulsen, Eames....
You name it!!!



Så til alle dåke mammaer som har prioritert borna når det gjeld ferie, og skal halde ut i Legoland:
Ta turen innom denne butikken! 
Det har du fortjent.

(Køyr litt forbi sentrum i Billund, mot Grindsted. Så ligg den der, umuleg å oversjå!!!)

Eg har meir på laget, men det kjem ein anna dag!!!