lørdag 24. desember 2011

God jul til alle


Her er juletreet vårt ferdig pynta.


Juledekorasjon frå jobben til mannen. Ei mager, men ok trøyst.

I natt har nissen fylt opp julesokkane våre, med blad, dvd, sjokolade og drops. No er det tv, godis, madarin, levande lys...og alt mens vi enda går i pysjen. Deilig.

Tullemor sov til kl 7 i dag, så viss det var nokon her til skumnissefest, så beklage eg virkeleg...

I dag skal vi til Rosendal og feire jul. Fyrst i kyrkja, så besøk hos oldebesto med gang rundt juletreet, så til slutt pinnekjøt og pakkar hos bestemor og bessen.

God jul til alle lesarane mine!


fredag 23. desember 2011

23. desember


Sist lørdag var eg og høyrte på desse to karane. Då viste dei vinen som var laga, med strikkakulene på. Dei forklarte at vinen var utsolgt hjå Arcus, og ikkje å få tak i.


Gleda var difor stor då vi har fått denne i julegåve.
Gler meg til å teste den ut!

No er det kvelden før kvelden. Ungane (og mora) er svært spente og gler seg til i morgon. Og når eg har sett på gåvehaugen, så har vi mykje å gle oss til.

Og til alle dåke som ikkje har fått tak i skumnissar i år; det vert skumnissefest her i morgon tidleg...ja, ska vi sei sånn 05.30??

torsdag 22. desember 2011

22. desember


På søndag hadde vi ei lita minijulafta. Pappen reiste til Brasil på jobb (??) samme kveld, og difor måtte han få opna julegåvene sine. Det var ikkje så fristande å ta med seg denne i 40 varmegrader... Men tullemor likte den veldig godt!


Årets juletre, før pynten kom på. Eg skal ta nytt bildet av det, ferdig pynta i dag. For i dag skal eg og junior vaska hus og pynta ferdig. Tradisjonen tru er det i dag nissane kjeme fram her i huset!


På søndag pynta vi pepperkakehuset. Merkeleg at det er litt færre seigemenn på huset no, enn på dette bildet...


Skumnissane høyrer jula til her hos oss. Eg trur kanskje eg har tatt litt av i innkjøpet, for eg har 5 posar no....

Ha ei fin minivetlejulafta til alle dåke der ute!


onsdag 21. desember 2011

21. desember


Stjernefletting

Eg har fått da te!! Stolt over at eg "knekte" koden, med god rettleiing og ein super støttespelar.


Djup konsentrasjon i ein sein nattestime.


Perfekt resultat. 

No blir det bretting og fletting dei neste dagane.

Eg har tatt ferie og er heime med junior. Tullemor skal vere to dagar i barnehagen til, før ho og får ferie. I dag skal vi handle litt, hjelpe bestemor med bakst og pynting, og ellers gjere lite.

Tankane mine er mykje hos kollegane mine på jobb, som har travle dagar på jobb. Og det ser ikkje ut som at denne jula skal bli noko roligare enn andre. Eg er stolt av dei alle, for dei gjer ein svært god jobb og i ein "vanskeleg verden". Stå på alle saman!

På tampen vil eg bare sei takk til Kjersti med bloggen Husmordronninga og Random, som trakk meg som vinnar av eit skilt frå Ramsing. det vil bli perfekt på nyahuset!

mandag 19. desember 2011

19. desember


Risbollar høyrer jula til.

Eller gjer det det?


Eg og tullemor stod for desse i år. Og om eg må sei da sjølv, så vart dei knallgode.

Oppskrifta fann eg på First Prise "puffa riset":

250 gram delfiafett
1 plate kokoesjokolade

Smelt dette på svak varme.

2 egg
250 gram melis 

Visp til eggidosis. 

Bland det forsiktig saman. Ha i ca 2 liter puffa ris. Set med 2 skeier i muffinsformer etc. Avkjøl. 



Nyyyt!

Eg har prøvt meg på oreokuler i dag...mektige saker.

søndag 18. desember 2011

18. desember


Vintervakkert i Omvikedalen i dag. Snø og solglimt. Vi nytta på å gå ein tur i skogen, for å finna litt grangreiner eg skulle ha utanfor huset. 

Prøver å gjere det beste ut av det, med pallar og mykje stein og rot. Er glad eg ikkje skulle soooome ut i dag....


Ei fantastisk ramma rundt dagen i dag, der vi har hatt julafta saman med pappen i huset. Han skal til Brasil på jobb. I kofferten har han med seg julasild og marsipan, til gutane som skal feire jul i 40 grader!!


Håpar det held seg sånn som dette leeeeeenge!!