lørdag 2. november 2013

Nyvaska




Av og til må det bare gjerast.
Golva må vaskast.

Det er omdiskutert om ein skal bruke vatn, såpe, microfiber eller ikkje...

Ja, dei lærde strides.




Hos oss vert det støvsugd fleire gonger i veka.
Ein aktiv familie med to born og ein mann i huset,
ja, sånn er det bare.

Eg bruker vaskefiller frå Nille, både til kjøkken, støvtørking, golv og vindauge.
På golva mine bruker eg lett fukta microfiber mopp, der eg har spraya på ei godt utblanda blanding med zalo, eddik og vatn.
Det funkar her hos oss,
men desverre har eg golv der det lett vert "feittmerker" på.... 
det er ei plage for ei som likar å ha det reint og fint rundt seg.

men nok om da...


Sist helg vaska eg huset skikkelig.
Då rydde eg alltid og, sånn at vi får ein følelse av skikkelig nyvaska hus.

Nytta sjangsen til å ta bilder i dagslys og.


Golvteppet frå Pappelina er forlengst flytta tilbake til tv-stova.
Fargen vart heilt feil her inne.
Nett no er eg teppelaus i stova,
og det plagar meg.

Har eit ynskje om eit lyst med litt grått i.



Ojsann, opphenget til Vita-lampa mi er visst ikkje kommen heilt på plass.
Men eg trur lengda er rett no,
så mannen kan visst bare klyppa ledningen no.

No er ikkje huset nyvaska lenger,
(det varer desverre ikkje så lenge...
og vi har ei skikkeleg heimehelg denne helga.
Møkkavær ute i dag, men eg har nytta dagen til å vere med vener 
eg ikkje har sett så mykje til i det siste.
Det er alltid kos.

mandag 28. oktober 2013

Snart juuuul



Mine ynskjelister til jul pleier vere ganske så lange...
det er alltid noko eg har lyst på, noko eg ynskjer meg, noko eg VIL ha!
Eg prøver å vere flink å skrive ned etterkvart, sånn at eg
hugsar det når nokon spør.


I fjor oppdaga eg byLassen sine Kubus lysestakar.
Den i nikkel er desidert favoritten.

Den står høgast på ynskjelista i år. 
Den er litt dyrare enn den svarte,
som kjem som ein god nr to.


Kubus bowl er og ein favoritt, gjerne ei kvit ei.
bilder frå Nord Design



Kari Traa sitt ullundertøy er og høgt ynskja.
Eg har svart og kvitt,
men seier ikkje nei takk til dette i lilla og!


Kähler lyshus, Urbania, ynskjer eg meg og.
Dei er enkle, reine og lekre....
og det beste av alt, 
Tilbords på Husnes har fått dei inn.



Den minste og STORE Holmegaard lykter...nydelege!

Ny skibuksa
Skihanskar
Hue
"Kosesokkar"
Sjal 
(kan aldri få nok sjal)
Øyredobbar
Gode bøker
Opplevingar
Gåvekort
Kos
Mat
Noko heimabakt
Heimalaga

og eg er så glad i gåver, at eg blir stort sett glad for ALT!

Eg gler meg til jul!

Bare 8 veker igjen no!






søndag 27. oktober 2013

Søndagsfrukost


Av dagane i veko likar eg laurdagane best.
Det er den mest effektive "ha-fri-dagen" i veko.
...og da besta er å veta at det er fri imåro og.

Men søndagsmorgonane står høgt i kurs dei og,
med deilig søndagsfrukost.

Då har vi ALLTID rundstykker,
som oftast Hatting!!

I dag var frukosten ekstra tidleg på bordet, sidan vi har stilt klokko i natt.

No skal eg kosa meg med kaffi og det nye "Bo Bedre" i sofaen,
før heile familien skal ut på tur i regnet.

Nyt søndagen alle saman.