lørdag 17. oktober 2009

Deilig med helg!

Eg har vore heime i gartneriet og snopa meg ein haustblom til innandørs bruk! (Og eg lure veldig på korleis eg ska få ut stearinen som har lagt seg neri norgesglaset....Men veldi koseleg lykt, synst eg. )

Her har vi den "stille timen" nett no. Prinsesso kviler, og roen har senka seg litt. Storebror leiker med lego på rommet, og ventar på at ein nabo-kompis skal komma og henta han. ( Mammo kan ikkje gå ifrå prinsesso som søv...) Og idag skal vi ha pizza te middag. Deigen står til heving (Tusen takk til Mr. Kenwood!) og fyllet klart. Så då kan vi gå ut og nyta haustsola litt til i ettermiddag, utan å måtta inn og laga mat.

Vi savne pappen vår som er reist på jobb i Nordsjøen. Men som han seier "plutseli heima igjen!" Håpa vi får Skype`n te å funka skikkeli, sånn at vi kan snakka skikkeli me han. Prinsesso trur at pappen e i pc-en heila tida....

Ha ei fin fin helg alle saman!

torsdag 15. oktober 2009

Do dør

Vi har sånne enkle dørar utan noko krimskrams, til badet og soveromma. Heilt ok egentli. Sidan vi pussa opp badet i 2005, har vi snakka om å male desse dørane. Og sånn gjekk no dagane...Helt te fruen gjekk og kjøpte pusse papir, sparkel og maling, og sa at NO ska vi mala. Så då mala vi då. Nye handtak blei montert, og nytt skilt kjøpt hos Årmann i Rosendal,

onsdag 14. oktober 2009

Med vindu mot verden?

I dag har det vore ein nydeleg haustdag. Perfekt for fridagen min!
Så kl 09.00 hadde eg og naboen avtale om å gå opp på denne toppen, som heitter Kvitegga. Frå huset mitt og ned igjen, tar det 2 timar. Og då vi kom på toppen, kom sola. Så vi hadde ein aldeles nydeleg tur!
Hausten er komt til hagen vår og. men eg likar det. Masse fargar, kaldt og klart i lufta. Og så har eg kjøpt med ny Skogstad- boblejakke. Så då kan kulden bare komma!
Eg og mannen har avgjort at vi skal setje inn nye vidu på kjøkkenet. Men mannen påstår at sånt gjer ein ikkje om vinteren...HÆ? sa eg, kan vi ikkje gjera då korti vi vil? Joda, forklarte han, men da blir litt kaldt når ein skal opne opp ut og sånt.Åja, tar den... Men etter jul starte vi opp, ein gong! Vi skal sette inn to like vindu, istaden for dei "ubrukelege" vi har i dag. Og her detta bildet nerforbi har hengt, skal det komme inn masse lys gjennom nytt vindu.

I mellomtida, har eg laga mitt eige "vindu"! Eg mala ramma til "vinflaskebildet" og tok netting bak, og skal bruke det til å henge opp forskjellige ting. No er det takkekort, og eit nydeleg hjerta eg fekk hos Ida, etter å ha støtta hjerteaksjonen hennas. Men her vil innhaldet endre seg etter humør (eller behov..)
Og tusen takk til alle som er innom, og kommenterer. Eg har passert 1000 besøkande, og er veldig nøgd! Ha ein fin onsdagskveld alle saman!