I dag har vi vore i Bergen!! Mammo mi spanderte turen, og vi har kosa oss masse. Mannen kjøpte blåskjell på Kjøttbasaren, i lag med litt reker.
Så til kvelds diska han og junior opp mat til meg. Dei dekka på og serverte. Kan eg få det betre?Junior fekk vere oppe så lenge han ville. Noko som resulterte i at han kl 22 var stuptrøytt og bad om å få legga seg.
Eg fekk 30 min i Bergen, og stakk innom Kid av alle ting!! Der klarte eg å raska med meg 8 puter (!). der var tilbud, få 4 for 100 kr. Ja, då sku du sett ei som var kjapp med puter, du! Eg tok 4 slike stripete med sterkast fargar. Dei to andre har eg kjøpt på Stemning. Synst dei såg veldig kule ut, men er litt usikker på om dei passar her hos meg. Kanskje dei hadde vore finare ute i hagegruppa mi?? Eg slite litt med innredninga i stova her, kan du sei....men har ein plan om at mannen skal hjelpa meg litt med å henga opp bilder etc i morgon, så får vi sjå.
Dei to putene med lilla "blad", kjøpte eg og. Dei har fått plass i loftstova.Eg trur jammen meg at Evelyn sa ho ville ha skålene mine, så då skal dei overleverast snarleg.
Eg set stor pris på at DU kommenterer om kva du synst om bloggen min! Ha ein fin kveld vidare.