lørdag 26. februar 2011

Marius pannebånd


Dette MÅ vere siste skrik!

Marius pannebånd.

Marius gensaren, tunikaen etc er jo "såååå in i tiden".


Mammo mi var rett og slett forut for sin tid, som strikka desse. Eg fann dei i ein gammal kommode for ei tid sidan. Dei dukka opp mellom nokre stoff her om dagen, eg hadde nesten gløymt dei. Korleis kunne eg??

Nytt frå Green Gate


Endeleg fekk eg sånn sukker-strøar frå Green gate. Den dei hadde i haust, fekk eg aldri tak i. Var utsolgt overalt.

Men på torsdag var eg ein tur innom 5 Høns på Stord, og der hadde dei fått inn ny kolleksjon. Den finns og i blå.


Eg var innom "Sæbøvik Gåver og leiker" og. Der heldt dei på å omøblera og pakka ut ei mengde varer!   Trur eg må innom der om ikkje så alt for lenge.

Sjølv om eg ikkje handlar så mykje for tida, er eg SVÆRT god på å kikka og drøyma kva eg skal ha i nya huset.

Innimellom no, sit eg ved symaskina og syr nye puter til stova. Eg treng litt fargar, og var innom Stoff og Stil og handla i går. ( Der var så mykje å velge i, at eg hadde store problem. Kom heim med 3 ulike stoff, 8 innleggsputer, 3 glidlåsar, 2 sytrå, og litt anna dill. De kan vere sikker på at det kjem på bloggen!! Så følg med!)

torsdag 24. februar 2011

På hjul


Etter at hjula hadde lege i posen sin ei god stund, var dei klare for å bli skrudd fast i trekassane mine!


                               Så no kan eg flytta dei, for å fjerna støvet bakom! Sånn er livet.


  Stabelen med interiørblad byrjar å verte noko høg. Treng eg alle? Får eg noko meir inspirasjon av å lese dei? Ja, jo, eg gjer jo det. Og no abonerer eg på ikkje mindre enn 3 ulike. Eg veit sånn noko lunde korleis eg vil ha det i huset, men det er klart vi vil sjå meir!



Den store har eg putta spel og puslespel i. Kunne faktisk tenkt med fleire sånne kassar, men no har eg 4 og det held ei stund!

I morgon skal vi til Bergen for å få enda meir inspirasjon. Då skal vi på byggemessa, Ikea, HTH og eg skal trumfe gjennom ein tur på Stoff og Stil!! Tjoho, eg gler meg!

onsdag 23. februar 2011

Onsdag er dessert dag!!


Ungane spør ofte om vi kan ha dessert etter middag. Dei ynskjer då helst is. For å sleppe å måtte ta stilling til om det er ein dag for dessert eller ikkje, har vi avtala at vi skal ha dessert to dagar i veka, onsdag og søndag!


Vi har prøvd ulike godsaker, men ungane endar opp med å få ein is, fordi "dei likar ikkje" det vi har...

I går laga eg og junior difor gele med frukt i stettaglas, for at det skulle vere meir fristande.

Eg gjekk før den var stivna, og då eg skulle sjå på dei i dag, var det komme eit hjarta oppi den eine....


Det var visst litt kvardagsromantikk igjen her! Stili iallefall. Eg gler meg til etter middag i dag!

(Vi skal ha sundepølsa, kålrabistappe og potetstappe til middag (!) så eg veit egentlig ikkje om eg har plass til gele?!? )

tirsdag 22. februar 2011

Kvardagsromantikk


På jobben har eg ein veldig god kollega (da va feil, eg har maaaange gode kollegar!!) som fortalte kor romantisk mannen hennas er!!

Her i huset kjem romantikken i små drypp, som desse små orda her!


                                          *smelt*

                              
                                     Han er no så god, han som kjøpte detta dopapiret her alltså!!!!


                                                   Dette kallar eg kvardagsromantikk!!

Eg er klar for klubb med jentene i kveld. Og i morgon har eg fri, og skal til frisøren.Gler meg!!

mandag 21. februar 2011

Vårteikn


Fyrste gong eg har hatt krokus på kjøkenet! 

Men eg trur den skal få komma ut att. Den blir så lang når den står inne.

Eg konstantere at det nærmar seg vår, med deilig sol ute. Lyst til kl 18, og faktisk lyst når eg køyre på jobb.

Mykje å glede seg over.

 No har eg 3 glade ungar og ein mann som nyter galoppbollar! Bak til kvelds du og, oppskrifta finn du her.

søndag 20. februar 2011

Kreativiteten blømer


Ta ein tom boks valnøtter



Ta av omslagspapiret


Finn noko fint papir - litt papir lim - klypp passeleg remse - lim på - og vips.....så har du to nye boksar til for eksempel knappar, sjokolade i kamuflasje, nøtter eller kva det måtte vere!! Slå dykk laus!

Gjestefotografen



 På tur i Steinparken i dag, ville tullemor ta bilder. Her får de resultatet.



At vi måtte tilpassa oss linsa, er vel bare rett og rimeleg. Imponert øve at ho fekk alle med på ein gong!

No skal eg og junior på kino, "To på rømmen" i 3D. Gler meg!