lørdag 21. desember 2013

Fine familien min


Julekorta er no på veg ut til vener og kjente,
med nydelege bilder vi tok hos fotograf i år!

Her vil eg vise nokre av dei som vi ikkje har brukt på julekortet.



Eg synst det er så kjekt å ha situasjonsbilder, 
ikkje berre oppstilte.
Av og til synst eg vi ler lite i heimen....
men desse bileta viser iallefall at vi har "da i oss".


Eg er alltid sjølvkritisk til bilder,
men dette er jo oss,
med bart....(movember....) manglande framtann,
totten, Flikkflakk,
ja, dette er oss,
fine familien vår!

Eg hadde planlagt i eit år at vi skulle tilbake til Bodil Bo og ta bilder. 
Ho tok bilder i bryllaupet vårt, og eg var veldig fornøyd.
Men det skulle sjølvsagt ikkje klaffa sånn i år,
med nordsjøarbeidar etc....

Lukkeleg var eg då vi har fått ein ny fotograf i kommunen,
Vi fekk ei time som passa inn i skjemaet ...LOL...
og eg er veldig fornøyd.

Siste innspurt før jul overalt, tenker eg.
Eg har veldig roen,
no skal eg finna fram litt nissar,
i morgon skal eg baka julehelsing til naboar,
pynte juletreet, og ha min årlege førjulskos med 
den faste gjengen!

Så håpar vi mannen kjem heim den 23. som planlagt.
Jul blir det uansett!

Kos dåke, 
stopp opp,
nyt tida,
ikkje stress,
det er denne tida som er den beste!


søndag 15. desember 2013

Litt jul og vinnar av førjuls give awayen!


Dagen i dag har blitt brukt til rydding, baking og litt pynting.
Har og prøvt å ta litt heilhetsbilder i stova.

Raude element høyrer julepyntinga til hos oss


Juletreet eg har laga av washitape, har byrja å 
fyllast med julekort.
Vi har god plass til fleire!


I år har eg fullstendig roen når det gjeld jula,
den kjem uansett.
Eg har eit par gåver igjen å kjøpe,
nokon er ikkje pakka inn enda,
meeeen eg har god tid.
Eg har baka 3 sortar julekjeks, laga brente mandlar,
pikekyss, julebrød og risbollar,
så vi skal ikkje svelte heller...ler...


Er det rart mannen i huset kallar dette for "alteret" mitt??
Det er den plassen eg dillar og dallar mest med.

Juletre i mange ulike ( 9 faktisk) fasongar.



Små raude element her og,
og i løpet av veka kjem nissane fram og.
Eg klarar liksom ikkje ta nissane fram endo, 
dei kjem stort sett fram ei veka før jul.
Eg høyre dei skrapar på loftet, ropar om å få komme ner!!!


Så til slutt,
den heldige vinnaren av 
førjuls give awayen min.

Tamtamtamtam

Random.org har trekt ut lodd nr 46:

Evelyn Mehl Willumsen

Gratulera så mykje Evelyn!!

Premien skal komma til deg i god tid før jul!




søndag 8. desember 2013

Jul jul, strålande jul


Jul 
Favoritt tida
Venting på noko
Forberedelsar

Kjem det snø?
Kjem nissen?

Vere saman
Ete og drikke
Kos

og NIB utfordring denne gangen har eg hatt så lyst å vere med på.

Så her kjem mitt bidrag, sånn litt i siste liten.

onsdag 4. desember 2013

Eg vant, eg vant


Når eg såg kor mange som hadde meldt seg på give awayen til 
Diana før meg, så visste eg nesten ikkje om eg skulle ta lodd.
Men så gjorde eg no da,
skrive alltid at eg tar lykkelodd.

Jammen sa eg lykkelodd.

Eg vant!

Ein Louis Poulsen lampe i lyseblå.

Eg er i lykkerus enda,
men den må vente til etter jul før den kjem opp.
Lyseblå er vel ikkje akkurat julefargen.

No er det siste innspurt før Jul i Rosendal".
Eg gler meg, og eg håpar du kjem innom julemarknaden fredag eller laurdag.



søndag 1. desember 2013

Førjuls give away


Før kvelden er omme så trur eg at eg har passert

200 000

treff på bloggen min!!

Så utruleg kjekt at dåke trufast følger med på kva eg driv med 
av små og store Kvardagsgleder.
Tusen takk til kvar og ein av dåke, og eg håpar at de likar det de ser av bilder og les i tekst.
Eg blir så utruleg glad kvar gong nokon kommenterer på bloggen, 
likar på facebook,
eller seier noko når vi treffest.

Eg vil difor gje noko tilbake til dykk!!
Og i samarbeid med den kjekkaste 
bokhandlaren i Rosendal



vil eg gje denne flotte juleboka med masse kjekk juleinspirasjon.
Bare sjå her på nokre av sidene i boka:






For å få lodd må du:

1 lodd for å kommentere under dette innlegget.
2 lodd for å like Rosendal Bokhandlar på 
Facebook ved å trykke her.
2 lodd for å følge bloggen min.
2 lodd for å følge meg på instagram under Kvardagsgleder.
3 lodd for å linke til give awayen på bloggen din!

PS! Dersom du kommenterer med anonym, 
må du skrive under kven du er!!!

Totalt kan du få 10 lodd.

Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar.

Trekning vert 15. desember, sidan Posten har frist til 16.desember med å få pakken fram før jul!

Lykke til!


fredag 29. november 2013

Til / Frå lappar - DIY


Det er ikkje ofte eg har såkalla DIY prosjekt på gang.
Men i går kveld sat eg halvsjuk ved bordet og kom på at eg kunne 
gjere noko eg har tenkt på ei stund.

Så då gjekk eg inn i hobbykassen min,
fann svart og kvit kartong eg hadde kjøpt på Søstrene Grene,
og skulle lage "juletre-til/frå-lappar".


Eg brukte ei kakeform til mal, teikna rundt kanten, på utsida.
Klypte den ut, og brukte den mal for å teikne rundt dei andre.


Kvart år finn eg mykje juleinspirasjon i juleboka til Bo Bedre.
Eg har abonnert på den i i 4 år no,
og då kjem den i postkassa i god tid før jul.

Her er mykje fint, og den har gitt meg mange gode idear i år og åra før.



I tillegg er årets Kamille Juleideer proppa av inspirasjon.


Eg brukte ei hullmaskin og laga hull,
tok ein fin tråd i og festa på gåva med washi-tape.
Dymo-en er flittig i bruk her hos meg.
Eg diggar skrifta, og den er lettvindt å bruke til å skrive til og frå med.

Enkel DIY no i ei travel førjulstid.

lørdag 23. november 2013

Vinterstemning


Det vart aldri til at eg deltok på NIB si utfordring denne månaden,
men gjett om eg har gjort mange stylingar rundt om, som eg kunne ha brukt,
og som har gitt meg vinterstemning.



Hay DLM bordet er blitt eit favorittmøbel.
Eg fekk det av mannen til bursdagen,
kjøpt på Ølen Møbler.


Oppå bordet har eg Kähler sine nydelege juletre-lysestakar.
Dei kom i posten som ein førjulsgåve til meg sjølv.
Men eg manglar eitt,
og det ynskjer eg meg veldig til jul!


Lerkegreiner,
eg kan bruke dei overalt.
Dei er så dekorative,
lette å bruke.


Urbania lyshus frå Kähler.
Eg har klart å bare kjøpe eit,
fordi eg ynskjer meg dei andre til jul!!!
Viss eg skulle kjøpe alt eg har lyst på,
så hadde det ikkje vore noko på ynskjelista,
og sånn skal det ikkje vere.



Svibel i Wiik & Walsøe skål.
Eit godt tips er å ikkje gje svibelen vatn,
då veks den VELDI seint.
Iallefall likar eg dei best når dei er som denne.
Denne har eg hatt i fleire veker no.

Eg flyttar rundt på tinga mine, 
plutselig har dei fått seg ein ny plass å bu.

No står dei her, i morgon står dei kanskje der.

No er det finale i "Skal vi danse",
kven heiar du på??

Fin laurdag til alle.



mandag 18. november 2013

"Jul i Rosendal"




Det nærmer seg jul, og det nærmer seg "Jul i Rosendal"

God gamaldags julastemning med lukta av varme smultringar, kakao og nysteikte mjelkekaker. Ta med deg ungar og tanter, bestemor og bestefar. Her vil foregå mykje spanande ikkje minst for barna.

På marknaden kan du få kjøpt tøffe tova tøfler og anna handlaga av ny og gamal sort. Kortreist pinnakjøt, hjortapølse, julekaker og anna etande. Her kjem utstillarar frå Haugesund til Voss. 

Dette er noko av det som beskriv denne flotte julemarknaden som vert arrangert 
fredag 6. og laurdag 7. desember 2013.

Gå inn her for å sjå program, oversikt over utstillarar mm.

Eg er heldig som får vere med i arrangementkomiteen i år.
Dette er eit julemarknad eg gler meg til kvart år.



Tema i år er 

SNØKRYSTALLAR

Kvart år lagar barnehagar og skular i området sitt bidrag til temaet,
som vert samla til ei stor utstilling i lokala til turistinformasjonen i Rosendal.



Mammo mi og ei veninne av henne har dei siste åra hatt kurs i å steike mjølkekaker.
Det skal dei i år og, torsdag 5. desember kl 18 og
søndag 8. desember kl 11.

Dersom du har lyst til å lære dette,
kan du melde deg på ved å ta kontakt med meg!

Bur du i området, synst eg så absolutt at du skal ta turen til Rosendal og delta på

"Jul i Rosendal"

Eg er der, med nissehua på :-)


Alle bileta er henta og lånt frå nettsida til "Jul i Rosendal"

lørdag 16. november 2013

Komplett kjøkkenlykke


Materialistisk kjøkkenlykke må dette kallast.
Lenge har eg drøymt om dette augenblikket.

NORDEN

Norden er det nye spisebordet mitt frå Ikea.
Eit bord dei har hatt i årasvis på Ikea.
Men då eg var på veg til å kjøpe det i sommar var det tomt....
"Ut av sortemanget" var beskjeden eg fekk.

E da mulig?

Bordet som er så klassisk, så populært,
så "meg"...

Eg var i sjokk.


Eg måtte bare innfinna meg med det eg hadde, i olja eik,
senda melding til dei som ville kjøpa det og sei "beklage".

Kva bord skulle eg kjøpe meg no då?
Mannen var likaglad, han likte dette han.



men eg var ikkje fornøyd i det heile.

Så plutselig kunne Baronivegen fortelje meg at no var bordet tilbake.
E da mulig?? 
To dagar etter at mannen var på Ikea med stor bil???

Eg var sur på heile greia.

Men klarte ikkje slutta å drøyma...



Så skjedde ting fort.
Bordet vart lagt ut for salg,
eg fekk kjøpar,
ein eg kjenner skulle på Ikea,
nytt bord vart kjøpt,
gamalt bord henta,

MATERIALISTISK LYKKE KOMPLETT FOR MEG.

Alle er enige om at dette er perfekt.
Stort bord og det er kvitt.

No er det helg,
eg er på vei inn i finstasen,
må bare nyta synet av finaste bordet fyrst.

Lykke.


søndag 10. november 2013

Pinne tre


Sist søndag var familien ute på tur, på ein skogsveg.
Eg har ein uvane med å sjå mykje ned når eg går på tur...
eg trur det kjem av at eg ikkje vil dette/skli når eg traskar av gårde.

kjenner ei som vert lika oppgitt kvar gong eg stangar hovudet oppi samme greina 
når vi er på tur saman....

Men det har komme til min fordel mange gonger.
Eg finn lett pengar og andre ting når eg går sånn,
men eg veit eg skal rette ryggen og løfte blikket!!!

Vel vel, på denne turen fann eg mange fine pinnar eg var 
heilt sikker på at eg kunne bruke til noko.
Eg samla saman og tok dei med heim,
og tørka dei.


La dei fint etterkvarandre, og det vart til eit fin fint pinnetre.
Eg prøvte å feste dei saman med vikletrå (streng),
men det vart berre vas.
ofte ser ting så mykje betre ut inni hovudet mitt, enn når eg skal byrje å få det til....

Løysinga vart å finne ei bilderamme eg hadde liggande.
Tok ut glaset, og limte pinnane etter kvarandre
med kontaktlim

på det kvite arket.

Er svært nøgd med resultatet.
Litt DIY no i førjulstida er alltid bra.


I dag skal vi på kino og sjå 
"Jul i Flåklypa".

Gler meg til litt julestemning.

Fin fin søndag til alle,
 og gratulere med farsdagen til alle pappaer
og spesielt til vår kjære som er på jobb i dag,
og bessen som er i syden.

torsdag 7. november 2013

Ein himmel full av


STJERNER

Etter litt tid, mange prøvar og mykje 
"krølle saman og hive"
fann eg endeleg ut korleis eg bretta desse stjernene skikkelig.

Det som er så bra med dette er jo at no får vi kjøpt ferdig oppskorne papirstrimler.
Med ein gang det er litt skeivt,
er det vanskeleg å fullføre dei.


Så dekorative, tøffe og flotte.
I år skal det vere stjerner overalt.


Kjekk gåve er det og, både å gje og å få.

Eg har byrja med julegåver, men har ikkje kjent på den gode 
"juleinspirasjonsfølelsen" enda.
Trur at det må nærme seg litt meir desember, komme litt jul i butikkane og julemusikk på radioen.

I år synst eg ikkje butikkane har øvedreve med tidleg start av salg av juleprodukt.
Eller er det berre eg som ikkje har lagt merke til det?

Eg likar Peder Bakar si haldning;
vente med julekaker til nærme advent!

Reknar med at den kjem snikande,
at pakkane skal vere klare,
kokosbollane laga og 
julabrød baka opptil fleire gonger,

i god tid før jula ringer inn.






søndag 3. november 2013

Søndagsaktivitetar


Mulig at du ikkje synst "ommøblering" på String-hylla
er ein søndagsaktivitet...

men det gjer eg.



Nydelege roser kjøpt frå Fredheim Blomster.
Langstilka og haldbare.
Eg trur desse har stått sidan tysdag, 
og dei er lika fine.


Tøffaste konglelysa kjøpte eg på interiørmessa i Bergen.
Butikken heitter "Velkommen", ligg i Eikelandsosen 
og har nettbutikk og! Mykje fint kan du sei.


Ein miniby øvest oppe,
med årets kulaste tre utanfor!


I andre etasje bur enda eit flott tre,
kjøpt på Bolia i Bergen.
Kan ta av toppen, og ha ein liten hemmelighet inni!



Zukkulent i Helene-harefrøken Mugtail koppen.


Får litt julestemning av tre og kongler.

Eg må passe på å ikkje snikpynte for mykje, for eg vil helst vente til 1. desember.

Klarar eg det mon tru?


PH-lampane mine.

Elske dei.

I tillegg til ommøbleringa har vi vore på tur til 
boka på Bergalivegen.

Fint vær og ein turglad familie,
oki, eg brukte sjokoladekjeks som lokkemiddel til tullemor...

blei søndagen super.