Eg har laga min egen frukostblanding i dag. Har ikkje funne på oppskrifta sjølv, men fann den i Vg eller Dagbladet då dei testa frukostblandingar. Tipset var å lage sin egen frukostblanding, då mange av dei som er i butikkane er fulle i sukker.
Her er oppskrifta på "Ristet müsli":
1/2 dl rapsolje
1/2 dl brunt sukker
1 ss honning
3 dl havregryn
2 dl All Bran regular
1/2 dl sesamfrø
1/2 dl solsikkekjerne
1/2 dl hakka nøtter ( kan sløyfast)
1/2 dl rosiner
Bland alt det tørre, minus rosiner.
Ha olje, sukker og honning i ei steikepanne. Varm forsiktig på svak varme til sukkeret har smelta. hell det over det tørre, fordel utover ei langpanne.
Bak det i ovnen på 140-150 grader i 30-40 minutter til det er lys brunt. Rør av og til.
Avkjøl, og bland i rosiner. Oppbevar i tett beholder.
Smaker nammis!