lørdag 2. januar 2010

Finaste gåva

Den finaste gåva vi fekk til jul, var denne:

Handa mi

Av og til vert du nok oppgitt
Endo så liten eg er..
Eg set merker på møblar og veggar...
Men for kvar dag veks eg stadig litt.
Så snart vert eg stor-
at alle dei små fingermerka overalt
vert vanskelege å hugsa,
både for far og mor.
Difor eit minne om handa mi slik den var i desember 2009!

fredag 1. januar 2010

Ut å stå på skeiser!

Prinsen vår fekk seg skeiser til jul. Og dei måtte vi jo testa! Så på sjølvaste nyttårsafta i 8 minus, tok vi turen til baronihagen, og paddedammen. Der hadde vore nokon før oss og kosta vekk litt snø, og mammo kosta vekk litt til. Sånn at prinsen fekk litt is å stå på. Og da gjekk som ein draum!
Mammo trong berre halda han litt, så sa han "slepp meg" og bortøve for han. Sku tru han ikkje hadde gjort anna!

Tusen takk for fine kommentarar på førre innlegg. Da set eg veldi pris på! Da motivere meg til å blogga vidare. Eg veit og at eg har ein del faste lesarar, som ikkje legg spor etter seg, men da gjere ingenting, for eg veit dåke e der!! Men sjølvsagt er det hyggeleg med nokre ord frå dåke.

Håpe dåke ikkje har laga dåke for avanserte nyttårsforsetter. Eg ska vera endo meir aktiv saman med mann og barn, og eg skal reisa meir i da nya året! (og så ska eg prøva å jaga vekk han der samvittigheten...)

torsdag 31. desember 2009

Når året ebbar ut...

og vi er klare for nyttårsfest, er det lett å tenke litt øve året som har gått. Kva har skjedd dette året egentli? Jo, eg begynte iallefall å blogge 1. juledag i 2008, men kom ikkje skikkeli igang før i 2009. Då starta det som ein bryllaupsblogg, for å halde vener og familie oppdatert om kva som skjedde i planlegginga av bryllaupet! Og i tida fram til juni skjedde mykje. Eg fekk heldigvis god hjelp både til planlegginga og til blogging, og eg vart bitt av "blogge-bassillen". Så etterkvart vart eg meir og meir oppteken av interiør og anna. Og då vi til bryllaupet fekk nytt kamera, vart det og lettare å både ta bilder, og legge inn på bloggen.

For den 20. juni vart eg endeleg gift! Og det med mannen i mitt liv. Den lukkelegaste dagen i mitt liv!

Og i august byrja eg å jobbe igjen, etter 1,5 år i permisjon med prinsesso mi! Og då starta dei travle dagane, med nordsjøarbeidande mann og to små i barnehage...men det har no gått på eit vis. Men den der samvittigheten, kem fant egentli opp den?? Dårleg samvittighet for ungane når eg må levera dei kl 7.30 og hente kl 16...og at vi alle er slitne når kvelden kjem. Og for tanken på jobben, når eg må vere heime i ei veke med sjuke barn, og eg veit at det er mennesker eg jobbar med...men sånn er det bare.

Og når eg no nett før jul fekk ei mann på krykker i heimen, måtte eg bare la førjulstresset bare ligga, og ta det som det kom. Og når eg ikkje får til å dra ei på akebrett, når ein vil stå på ski, og den eine etterkvart vil inn, og den andre vil ake meir....og eg bare har to hender og ikkje er blekksprut (som hadde vore veldi praktisk av og til!) så må eg bare tenka at "alle ska få..." ein gong...

Så må eg bare nyta synet av prinsen min, klar for rakettoppskyting ( eller rakettspruting som det er no for tida...)
og gleden hans for dei små ting, som eit stjerneskudd.
Prinsesso syns da vart litt "skumle", og gjekk inn.

Men no når året ebbar ut, vil eg takka dåke alle for at de føl bloggen min. Da set eg veldi pris på. Så legg eg til eit lite bilde av meg som fotograf-prinsen tok no i kveld!

GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!