onsdag 26. august 2009

Takkekort

Så var det komme te takkekort...Eg var fast bestemt på at eg skulle få dei ut før eg byrja å jobbe...Gjekk det sånn? Nei. Gjere ikkje alltid da!

Fann den beste prisen og oppsettet hos Optimalprint. Ok, vi kjøre på. Får med 5 bilder, og ferdig trykka skrift. Og etter fire dagar kom 200 takkekort i posten. Jippi! Men....e da ikkje nåken stripe på nåken av desse? Eh, jo. På 91 stk var der striper på framsida. Shit. Eg ringer Optimalprint. Ja, jo, joda, javel, eg må så sende 3-4 stk med striper og eit utan, for at dei skal sjå kva det er. Eg sender.

Etter nokre dagar får eg svar at, joda, eg skal få 100 nye. OK! Men eg byrjar sende ut takkekorta som var stripefrie. Dei var jo fine.

Så i dag kom dei resterande. Men no hadde dei gløymt å LAKKE FRAMSIDA. Oh no. Men da får bare vere, no må eg få sendt ut.
Så mannen bretter og eg skal skrive på navn og adresser, samtidi som eg bake kaka, sjølvsagt. Må gjere-fleire-ting-på-ein-gong-effektive-husmora-som-eg-er.!!!